Naturvern på vent
Noreg var pådrivar for å få på plass ein global naturavtale. Eitt år seinare lurar naturvernarar og opposisjonspolitikarar på kvar dei norske tiltaka vert av.
Ei hytte på 100 kvadratmeter kan påverke 15 gonger så mykje natur, ifølgje utrekningar frå Norsk institutt for naturforskning (NINA). Regjeringa forventar at ny hyttebygging framover skjer i tilknyting til eksisterande byggeområde og ikkje i urørt natur, men har ikkje kome med krav til kommunane.
Foto: Geir Olsen / NTB
Ei god julegåve til barna på kloden, kalla tidlegare klima- og miljøminister Espen Barth Eide det då 196 land like før jul i forfjor vart samde om ein felles naturavtale. Avtalen seier at minst 30 prosent av land- og havareala på jorda – og særleg dei som er viktige for naturmangfald – skal vernast eller takast vare på på andre måtar, at minst 30 prosent av øydelagde naturområde skal restaurerast, og at subsidiar som er til skade for biologisk mangfald, skal kartleggjast og reduserast. Og tidsfristen for alt dette og meir til er innan 2030, altså seinast 2029.
Noreg var pådrivar for å få på plass avtalen, og Eide sa like etterpå at styresmakter, næringsliv og befolkning over heile verda ville «forholde seg til og strekke seg etter» måla i avtalen.
I året som har gått sidan, har den norske regjeringa overprøvd Miljødirektoratet og opna for bygging av ny firefelts E6 gjennom naturreservatet Lågendeltaet i Lillehammer. Regjeringa har òg vorte samd med Høgre, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti om ein vindkraftskatt som skal gjere det meir attraktivt for kommunar å seie ja til nye vindkraftparkar på land, og regjeringa har godkjent nyutbyggingar og opna for meir leiting etter olje og gass på norsk sokkel. Denne veka vedtok regjeringa saman med Høgre og Frp å opne for gruvedrift på havbotnen – noko både Miljødirektoratet, forskarar, miljøorganisasjonar og opposisjonsparti har åtvara kraftig mot.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.