Nettbrettpilotane i Bærum
– Om ein skal vere innovativ, må ein vere villig til å gå ut i det ukjende, seier Haakon Kvenna Veum i Bærum Høgre.
Bærum kommune har vore ein pioner i innføringa av nettbrett i norsk grunnskule. Etter eit pilotprosjekt der alle elevane ved fem skular fekk Ipad i 2015, investerte kommunen i nettbrett til alle grunnskuleelevar i fjor. Men også i Bærum er læringseffekten usikker. I evalueringa av pilotskulane i 2017 fortalde både lærarar og elevar om positive opplevingar med bretta. Men effekten på læring, målt gjennom nasjonale prøver og kartleggingsprøver, tydde på nokså små og sprikjande utslag: nokre positive, nokre negative.
– Vi var tidleg ute, og det fanst ikkje mykje tung dokumentasjon på effekten av nettbrett da vi starta. Bærum ønskte å vise veg, og vi ser at elevane og lærarane synest dette er spennande og motiverande, seier Haakon Kvenna Veum, leiar for hovudutval for barn og unge i kommunestyret.
– Evalueringa tyder på små læringseffektar av bretta?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.