Nettbrettpilotane i Bærum

– Om ein skal vere innovativ, må ein vere villig til å gå ut i det ukjende, seier Haakon Kvenna Veum i Bærum Høgre.

Publisert

Bærum kommune har vore ein pioner i innføringa av nettbrett i norsk grunnskule. Etter eit pilotprosjekt der alle elevane ved fem skular fekk Ipad i 2015, investerte kommunen i nettbrett til alle grunnskuleelevar i fjor. Men også i Bærum er lærings­effekten usikker. I evalueringa av pilotskulane i 2017 fortalde både lærarar og elevar om positive opplevingar med bretta. Men effekten på læring, målt gjennom nasjonale prøver og kartleggingsprøver, tydde på nokså små og sprikjande utslag: nokre positive, nokre negative.

– Vi var tidleg ute, og det fanst ikkje mykje tung dokumentasjon på effekten av nettbrett da vi starta. Bærum ønskte å vise veg, og vi ser at elevane og lærarane synest dette er spennande og motiverande, seier Haakon Kvenna Veum, leiar for hovudutval for barn og unge i kommunestyret.

– Evalueringa tyder på små læringseffektar av bretta?

– Det stemmer. Men når ein innfører ei stor digitalisering, skaper det ein del forstyrring, og det tek litt tid å tilpasse seg. Pilotskulane har gjort det veldig godt på dei nasjonale prøvene. Og auka motivasjon er jo ein positiv effekt.

– Bærum Høyre vil ha «en skole basert på forskningsbasert skolepolitikk». Samstundes skriv kommunen om Ipad-innføringa at det i «liten grad er dokumentert hvordan implementeringen påvirker lærings- og vurderingsprosesser». Da er vel ikkje skulepolitikken forskingsbasert?

– Bærum kommune ønskjer å vere innovativ, å pilotere og gå i front. Og vi har hatt forsking på arbeidet undervegs for å dokumentere erfaringane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement