Lita skrift

Nick Cave

Publisert Sist oppdatert

Me må snakka om Nick Cave. Denne australske musikaren, skodespelaren og forfattaren, multikunstnaren, vil nokon seia, ovundra og hylla av ei heil verd.

Jau då, det er nokre fine tekstar der, men er det eigentleg så kjekt å høyra på Nick Cave?

Eller vert ein litt betutta av musikken og utstrålinga hans?

Eg såg filmen 20.000 Days on Earth (2014), skriven av Nick Cave og med Nick Cave i hovudrolla som Nick Cave, på USF Verftet i Bergen. I filmen får me fylgja Nick Cave frå han står opp og til han legg seg att den 20.000. dagen i livet.

Det er ikkje ofte eg opplever at publikum applauderer ein film, men det gjorde dei her. I massevis. Gravalvorlege i andletet, som om dei hadde skjønt noko stort. Men eg skjønte det ikkje, eg såg ikkje det nydelege stoffet i keisarens nye klede.

Når eg tenkjer at no har Nick Cave gjort alt han kan for å skilja seg ut, han har snudd på, greidd og svartfarga kvart hårstrå på kroppen, no er det ikkje meir å gjera for å bryta med normalen, så klarar han søren meg å gje ut ei eksepsjonelt plagsam plate.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement