– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Kva meiner du er årsakene til at ungdomskriminaliteten har blitt så mykje verre berre dei siste åra?
– Det er mange grunnar til det. Ein viktig grunn er at politiet har blitt nedbemanna dei tre siste åra med færre og færre politifolk. Ein annan er at narkotika fløymer inn over grensa og er ein drivar for kriminalitet. Politiet har mista verktøy til å kjempe mot narkotika, og det har gjort Noreg meir attraktivt for narkotika, smugling og sal og bruk. Så er det ein internasjonal trend at kriminaliteten stig. Det politikarane kan gjere noko med, er ressursane til politiet og verkemidla deira. Men me må også erkjenne at innvandring er ein sterk drivar for kriminalitet. Innvandrarar og etterkomarane deira er sterkt overrepresenterte.
– Kva verktøy er det politiet har mista i kampen mot narkotikakriminalitet?
– Riksadvokaten har laga eit rundskriv der det står at ein skal slutte å ransake personar med eigne brukardosar. Då har politiet oppfatta det slik at dei skal nedprioritere å gå etter narkotikakriminalitet med mindre det framstår som stort og alvorleg. Det har medført at befolkninga trur at narkotika er meir greitt enn det er, og at politiet går glipp av ein heil del annan informasjon som dei før fekk når dei ransaka, som stolne klokker og mobiltelefonar. Politiet har òg mista høvet til å ha narkotikahundar på skulane, som var eit verktøy for å avdekkje narkotikakriminalitet.
– Justisminister Emilie Enger Mehl var ute denne veka og lova 2,8 milliardar kroner til politiet. Kor viktig er det for politiet å få meir pengar?
– Betre enn null, men me veit jo ikkje i kor stor grad det vil hjelpe på å styrkje politiet. Mest sannsynleg vil sjølv dei 2,8 milliardane bety at me har færre politifolk når denne regjeringa er ferdig med sin fireårsperiode, enn me hadde då dei byrja. Det er jo ein særs dårleg attest at medan kriminaliteten har auka, så har talet politifolk gått kraftig ned på deira vakt. Frp jublar ikkje over 2,8 milliardar. I tillegg gir dei ingen ekstra hjelpemiddel til politiet, då tenkjer eg på strengare straffer, meir fokus på å ta narkotika, fleire plassar på lukka institusjonar for barn og ungdom som må skjermast for samfunnet. Det er mykje dei kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, nei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.