Nobelkomiteens åleinegang

Sverige trekte invitasjonen til den russiske ambassadøren til nobelprisutdelinga. I Noreg er russarane likevel inviterte til fredsprisutdeling.

Russlands ambassadør til Noreg valde å ikkje vere til stades under utdelinga av Nobels fredspris til menneskerettsforkjemparen Ales Bialiatski frå Belarus, den russiske organisasjonen Memorial og Senteret for sivile rettar i Ukraina, her representert ved Natallia Pintsjuk (andre person frå venstre), Jan Ratsjinskij og Oleksandra Matvijtsjuk. Den Norske Nobelkomite, med leiar Berit Reiss-Andersen (t.v.), nestleiar Asle Toje (midten), medlemmene Anne Enger, Kristin Clemet og Jørgen Watne Frydnes og komitesekretær Olav Njølstad (t.h.) inviterer på nytt i år.

Førre torsdag sende Nobelstiftinga i Stockholm ut ei pressemelding om at praksisen for invitasjonar til nobelprisutdelinga og banketten vart lagd om. Alle ambassadørar frå land som er representerte i Sverige, skulle frå no av verte inviterte.

Det innebar mellom anna at ambassadørane frå Russland og Belarus, som ikkje var ønskte under prisutdelinga i fjor etter invasjonen i Ukraina, no var inviterte.

Det vart bråk. Det er ingenting å feire saman med Russlands ambassadør, sa Miljöpartiet de grönas talsperson Märta Stenevi. Også partileiarane for Centerpartiet og Vänsterpartiet stadfesta at dei ikkje ønskte å delta på prisutdelinga, og statsminister Ulf Kristersson frå Moderaterna kalla det overraskande at den russiske ambassadøren var invitert.

Til og med kongehuset tok eit steg tilbake. «Kongehuset avventar no kva som hender i løpet av dei næraste dagane, før kongen tek stilling til om han skal vere til stades under prisutdelinga eller ikkje», vart hoffet sitert på i Aftonbladet.

Etter to dagar snudde Nobelstiftinga og trekte invitasjonane til Russland og Belarus tilbake. Argumentet om at det var viktig og rett å invitere alle og nå ut breitt med «å feire og forstå Nobelprisen og verdien av fri vitskap, fri kultur og frie, fredelege samfunn», måtte vike for «dei sterke reaksjonane i Sverige som fullstendig overskygga denne bodskapen», slik Nobelstiftinga forklarte det.

Den svenske snuoperasjonen er interessant i seg sjølv. Men like interessant er det at Den Norske Nobelkomite inviterer ambassadørane frå både Russland og Belarus til fredsprisutdelinga i Oslo, og ikkje eingong har vurdert å endre på praksisen, verken etter invasjonen i fjor, eller no når Russlands president Vladimir Putin vert skulda for krigsbrotsverk av den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement