Helse
Nokre ord om vaksine
Nokre lesarar vil truleg sakne ei drøfting av risikoen for alvorlege biverknader av covid-vaksine i denne artikkelen. Det finst ein god del skepsis mot desse vaksinane, i Noreg som i andre land. Somme meiner auken i dødelegheit i yngre aldersgrupper frå 2021 kan forklarast med vaksinane, ikkje med covid-19.
Dette er ikkje så rart. Somme har fått alvorlege biverknader av vaksinane, inkludert hjarte- og karsjukdom. Særleg AstraZeneca-vaksinen viste seg å auke risikoen for blodpropp. Vaksinane frå Pfizer og Moderna aukar risikoen for mellom anna hjartemuskelbetennelse (myokarditt).
Når biverknadene ikkje har fått meir merksemd i Dag og Tid, er det fordi dei store studiane av temaet syner at faren for alvorlege biverknader etter vaksine er langt mindre enn faren for alvorlege etterverknader – som blodpropp – etter infeksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.