– Eg prøver den der, sa eg og peikte på tappetårnet merkt «Nordlys» på ein pub i Tromsø.
– Here you are, sa den smilande bartenderen.
– Takk skal du ha, sa eg og betalte.
– You’re welcome.
Kvifor ho som viste seg å vere norsk, insisterte på å svare meg på engelsk, har kan hende med ytterjakka mi å gjere, ei gammal nordsjøjakke med fuskepels på hetta. Eg såg vel ut som ein turist, som eg for så vidt var, men ikkje frå eit anna land.
Utanlandske turistar i Tromsø skil seg ut med skinnhuver som går Oluf ein høg gang, dunjakker og fôra skibukser som om dei var på alpinferie. Men «after-skien» tek dei på brune pubar som Tromsø jernbanestasjon og Ølhallen, der denne klesstilen er nokså malplassert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.