Nordnorsk folkevandring

Viken og Oslo tømmer dei nordnorske distrikta for folk, seier Skjalg Fjellheim.

Treng det å bu folk alle stader i Nord-Noreg, eller skal me heller styrke nokre av sentruma? spør Skjalg Fjellheim. På biletet ser me utsikt over Tromsø.
Treng det å bu folk alle stader i Nord-Noreg, eller skal me heller styrke nokre av sentruma? spør Skjalg Fjellheim. På biletet ser me utsikt over Tromsø.
Publisert

NRK publiserte denne veka ei sak om restauranteigaren Nils Arthur Gjeitanger i Harstad. Han slit med å få tak i arbeidskraft, og er ikkje åleine. Ifølgje tal frå NHO fortel 75 prosent av bedriftene i Troms og Finnmark at dei i stor eller nokon grad har eit kompetansebehov som dei ikkje klarer å dekke.

Fjellheim er politisk redaktør i Nordlys. Han, som fleire før han, peikar på at den største utfordringa for Nord-Noreg er tap av menneske.

– Viken og Oslo tømmer dei nordnorske distrikta for folk. Så langt går dette langsamt, men retninga er klar. Om nokre få år vil dei demografiske endringane skyte ytterlegare fart.

– Kristian Eilertsen (Frp) seier at han er redd Nord-Noreg er på veg til å bli ein «gamleheim» og ein «landsdel for pendlarar» Er du samd i dette?

– Han har heilt rett. Folkesetnaden i Nord-Noreg blir stadig eldre. Ei befolkning som ikkje reproduserer seg sjølv, døyr ut. Men dette skjer jo ikkje berre i Nord-Noreg, men i heile Distrikts-Noreg. Sjølv om det er mange ledige jobbar i nord, ser me to ting: Det er vanskeleg å rekruttere arbeidarar, og det er ein tendens til at arbeidskrafta må flygast inn. Dette kallar Eilertsen «nordsjøturnus».

– Kvifor er det vanskeleg å få folk til å etablere seg i Nord-
Noreg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement