Noreg er Apples største fan
I norsk grunnskule er iPad den vanlegaste digitale eininga for elevane. I det meste av verda er bretta til Apple utkonkurrerte i skulemarknaden.
Apple-sjef Tim Cook under lanseringa av modellen iPad Air II i 2014. På det tidspunktet hadde iPad ein sterk posisjon i skulane i USA, men bretta vart snart utkonkurrerte av Chromebook frå Google.
Foto: Marcio Jose Sanchez / AP / NTB
På illustrasjonsfoto som skal syne digitaliseringa av norsk skule, ser vi ofte smilande barn som ser inn i nettbrett med Apple-logo på. Da den digitale bølgja for alvor byrja å rulle gjennom norske grunnskular kring 2017, erobra iPaden raskt storparten av marknaden. I dag har nesten alle norske grunnskuleelevar si eiga digitale eining. Av desse har 252.331 barn fått ein iPad frå skulen, medan 149.450 har fått ein Chromebook med operativsystem frå Google, syner tal frå Utdanningsdirektoratet. 188.337 har fått ein PC eller Macbook. Det er særleg i barneskulen at iPad er dominerande i Noreg, med 56 prosent av maskinparken.
Dette gjer Noreg til eit annleisland. I det meste av den rike verda er iPaden i stor grad utkonkurrert av Chromebook og andre digitale alternativ i skulen.
Eple på skulen
At Apple skulle miste grepet om skulemarknaden, kom som ei overrasking på dataindustrien. Utdanning har vore eit stort satsingsfelt for Apple heilt sidan 1980-talet, da selskapet donerte tusenvis av Apple II-maskiner til skular i USA. Grunnleggaren Steve Jobs ville at datamaskinene hans skulle bli assosierte med utdanning, og lukkast langt på veg.
Å satse på skulebarn og studentar gjev god meining: Om unge menneske blir vande med å bruke eit visst operativsystem, er det gode sjansar for at dei blir trufaste kundar av same leverandør også seinare i livet. I høgare utdanning vart Apple eit svært sterkt varemerke. Tidleg på 1990-talet var små Macintosh-maskiner frå Apple ofte den første datamaskina studentar kjøpte seg, også i Noreg.
Skandalen i L.A.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.