Noreg har fått eit godt rykte
No kjem det fleire ukrainske flyktningar til Noreg enn til Sverige, Danmark og Finland til saman. Kvifor?
Over seks millionar ukrainarar har flykta frå heimlandet sidan Russland gjekk til fullskalakrig i februar i fjor. No aukar talet ukrainske fordrivne som kjem til Noreg.
Foto: Bernat Armangue / AP Photo
– Vi har vorte tekne godt imot og er svært nøgde med å vere her. Og vi er nøgde med huset. Dei tre barna våre har alle fått eige rom, seier Volodymyr Dobryvetsjir.
Familien hans på fem har nyleg vorte busette som flyktningar i Klepp kommune i Rogaland og tek imot i tomannsbustaden dei har budd i i halvannan månad. Dei må seiast å vere vane med å flytte. Heimen deira i Donbas aust i Ukraina vart okkupert av russarar i 2014, og sidan har dei vore fordrivne.
Fyrst busette dei seg i Kyiv, men då Russland starta storkrig 24. februar i fjor, pakka dei bilen og køyrde lenger vest. Flukta gjekk opp i fjella i Karpatane, der dei fyrst budde hjå nokre vener, seinare drog dei inn i nabolandet Polen. I august i år kom familien med buss via Tyskland, Danmark og Sverige til Noreg.
Stort skifte
Dimed er Volodymyr Dobryvetsjir, kona Jevhenija og borna Olha, Sofija og Danyil del av statistikken som vart omtalt i ei pressemelding frå Arbeids- og integreringsdepartementet for to veker sidan. Den seier at Noreg dei siste månadene har teke imot rundt 1000 fordrivne frå Ukraina per veke, og no tek imot fleire enn Sverige, Danmark og Finland til saman.
Rett nok har det samla sett ikkje kome særleg mange fleire ukrainarar til Noreg enn til Sverige og Finland – alle tre landa har teke imot litt over 60.000 kvar – men det kjem av at både Sverige og Finland fekk langt fleire enn Noreg dei fyrste månadene etter krigen. Over 27.000 av dei 62.000 ukrainarane som har søkt vern i Sverige sidan den russiske storinvasjonen, søkte i mars i fjor. Sidan juli i år har Noreg derimot teke imot flest, ifølgje tal frå Utlendingsdirektoratet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.