Samtalen
– Noreg må halde seg inne med EU
Økonom Kari Due-Andresen trur mykje av nedgangen og uroa i verdsøkonomien kan reverserast, dersom tollsatsane lèt seg forhandle ned att. – Men vi kjem nok ikkje tilbake til 2024-nivået, seier ho.
Situasjonsrapport frå New York-børsen tysdag.
Det er urolege tider i verdsøkonomien etter tollendringane frå USA. Måndag fall børsar rundt om i heile verda for tredje døgn på rad, før det kom eit lite løft att tysdag. Men så gjekk det nedover att, etter at USA stadfesta ein endå høgare tollauke mot Kina tysdag kveld og tollendringane tredde i kraft onsdag.
Dag og Tid har snakka med Kari Due-Andresen. Ho er administrerande direktør og sjeføkonom i Akershus Eiendom og har bakgrunn som sjeføkonom i Handelsbanken og frå pengepolitisk avdeling i Noregs Bank.
– Kor uroa er du over den økonomiske utviklinga no?
– Året starta jo eigentleg på ein bra stad, der både norsk og internasjonal økonomi såg ut til å gå betre. Så kom «liberation day», med kunngjering av tollsatsar som var langt høgare enn dei fleste hadde sett føre seg. Sjølv den amerikanske sentralbanken har sagt det er meir alvorleg enn tenkt, og at tollane kjem til å føre til vesentleg høgare prisvekst og lågare økonomisk vekst enn tenkt. Den omfattande frykta dette har skapt i marknaden, har ført til det største børsfallet sidan pandemien. Vi får håpe at nokre av tollsatsane vert forhandla ned, men det ligg an til at USA kjem til å føre ein handelspolitikk som er meir introvert enn på lenge. Og i marknaden er det frykt for global resesjon.
– Trur du det går mot resesjon?
– Eg håpar det kan unngåast, men dersom alle partar står på sitt med tollsatsar, kan det verte utfallet. Uansett er det no introdusert ei uvisse rundt kva vi har i vente, og uvissa i seg sjølv er eit problem: Alle tek eit steg tilbake, investeringar og viktige selskapsavgjerder vert sette på vent, og hushalda er nervøse. Det kan bremse den økonomiske veksten og gje vesentleg svakare resultat, både i år og framover, enn det vi tenkte for eit halvår sidan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.