– Noreg sakkar akterut
Forsvarsbudsjettet er auka, men ifølgje forsvarsforskar Magnus Håkenstad har ikkje auken gjeve utslag i noka styrking av Forsvaret.
Soldatar frå 2. bataljon trener på Rena med panservernvåpen av typen M72. Biletet er frå februar 2022.
Anette Ask / Forsvaret / NTB
Statane i verda rustar opp og brukte i fjor kring 23 billionar kroner på våpen og andre militære føremål. Som Dag og Tid skreiv førre veke, er det den største summen som er brukt på militærutgifter nokon gong.
Talet kjem frå ei oversikt laga av den britiske tenkjetanken International Institute of Strategic Studies, som òg syner at Russland i fjor auka forsvarsbudsjettet sitt med heile 60 prosent til 1150 milliardar kroner, medan USA brukte over 9500 milliardar kroner og åleine står for 40 prosent av forsvarsutgiftene i verda. Canada og dei europeiske Nato-landa samla auka sine forsvarsbudsjett med 11 prosent.
I Noreg auka forsvarsbudsjettet i 2023 med om lag 9,8 prosent, ifølgje regjeringa, og i år er det auka med nye 20 prosent, til 90,8 milliardar kroner totalt. Samla har forsvarsbudsjettet ifølgje regjeringa auka med 40 prosent sidan regjeringsskiftet i 2021.
Ingen nye midlar
Ifølgje Magnus Håkenstad, som er forskar ved Institutt for forsvarsstudium, inneber budsjettauken derimot ingen reelle nye midlar til Forsvaret og forsvarssektoren: Mesteparten går til Ukraina-bistand og pris- og lønskompensasjon.
I ein kronikk i VG nyleg skreiv Håkenstad at forsvarsbudsjettet utgjer ein om lag like stor prosentdel av det samla statsbudsjettet i dag som for tre år sidan – 4,8 prosent i dag mot 4,5 prosent i 2021 – og at forsvarspolitikken har stått «bortimot stille» sidan 2022, sjølv om politikarane gjev inntrykk av at han vert både satsa på og styrkt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.