Norsk dreiing mot Afrika?
Norske spesialstyrkar avsluttar USA-leidde operasjonar i Sentral-Asia og trekker mot franskleidde operasjonar i Afrika. Her bognar det av dilemma.
Ein mindre norsk styrke i Mali skal knytast til den større svenske kontingenten, som står under fransk kommando og tel 150 mann med tre helikopter. Danmark stiller med to Merlin-helikopter og opp mot 70 soldatar.
Foto: Forsvarsmakten.se
Den 20 år lange krigen til USA i Afghanistan er over. I juli annonserte president Joseph Biden at amerikanske kampstyrkar skal forlate Irak innan utgangen av 2021. Dei endelause amerikanske ørkenkrigane går mot slutten. Men medan norske soldatar trekkjer seg ut av Afghanistan, er det ingen planar om å hente norske soldatar heim frå Irak. Norske styresmakter nytta i staden fellesferien på å bestemme at norske elitesoldatar skal til det afrikanske landet Mali. Ein ørliten kontingent skal stå i svensk teig fram til neste år, under fransk kommando. Operasjon Takuba er europearane sin eigen antiterrorkampanje i Afrika, mana fram av den franske presidenten Emmanuel Macron gjennom dei siste åra.
For medan USA trekkjer seg ut frå ørkenen og dreg til sjøs, vert det stadig synlegare at etterverknadane av ørkenkrigane i Midtausten og Afrika er Europa sitt problem. Styresmakter herja av krig maktar lite, og skal internasjonale terrorgrupper nedkjempast og migrantar haldast attende, må nokon trå støttande til der alt kan kollapse. Nølande tek europeiske land meir ansvar i nærområda mot sør og søraust.
Europeisk byrdefordeling
Takuba er ein styrke der dei store middelhavsnasjonane Frankrike og Italia har samanfallande interesser. IS veks fort i Afrika, og det trengst handling for å stoppe terrorrørsla. Mindre uttala, men like presserande, er ønsket om å stabilisere beltet bak den nordafrikanske kystlinja og slik hindre massemigrasjon mot Europa. Med seg har dei land frå Aust-Europa (Tsjekkia, Estland og Romania) og Nord-Europa (Nederland, Sverige, Danmark og no Noreg, som det einaste deltakarlandet utanfor EU). Takuba handlar om europeisk byrdefordeling i Afrika.
Då Noreg sende i veg soldatar til Syria for fem år sidan, skjedde det utan vidare debatt. Avgjerda om å sende i veg dei skarpaste soldatane våre til Afrika vart lagd til fellesferien.
Ei utgreiing om deltaking i Takuba-styrken starta i februar 2020. Dei politiske partia har posisjonert seg på klassisk maner. Fremskrittspartiet «ville ikkje sende nordmenn av garde til Afrika for å døy». Raudt og SV er av prinsipp imot å sende soldatar ut av landet, medan partia i midten understreka at «saka er krevjande». Svaret Frankrike fekk var nei, men i fellesferien skifta ho meining, regjeringa. For i spørsmålet om norsk deltaking med elitesoldatar i Takuba skortar det ikkje på politiske, folkerettslege eller etiske dilemma.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.