Samfunn

Norsk-kongolesarar krev sanksjonar mot Rwanda

Krigsoffera i Den demokratiske republikken Kongo vert oversette av det internasjonale samfunnet, seier norsk-kongolesarar.

Birgitte Mnyisobe demonstrerte mot krigføringa i Den demokratiske republikken Kongo framfor Stortinget fredag førre veke.
Publisert

– Eg er her for å vise at eg uroar meg og er lei meg. Dette er min måte å gråte og vere saman med dei som har mista livet i DR Kongo på, seier Birgitte Mnyisobe. 

Førre fredag tok ho fram det kongolesiske flagget og ein ropert, og demonstrerte framfor Stortinget saman med andre kongolesarar og støttespelarar i Noreg.

«Kagame har blod på hendene», «Free Goma», «Noreg må snakke» og «Vi vil ha fred» var blant slagorda dei frammøtte ropte, høgt og taktfast.

Mnyisobe kom til Noreg i 2009 og jobbar i dag som vernepleiar i Bærum. Men framleis har ho mange familiemedlemmer i Kongo. Ho meiner at Noreg og det internasjonale samfunnet må gripe inn overfor Rwanda, og stiller spørsmål ved kor Rwanda får våpen og mineral frå.

– I Rwanda produserer dei ikkje våpen. Så kor får dei våpena frå? Og når dei stel mineral frå Kongo, kven sel dei minerala til? Rwanda lagar korkje telefonar, iPadar eller elbilar, seier ho.

Eskalert konflikt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement