Norske tilstandar

– Me har altfor lenge nekta for at gjengkriminalitet har vore eit problem i Noreg, meiner Einar Haakaas.

Politiet i Oslo sentrum etter ei mogleg knivstikking.
Politiet i Oslo sentrum etter ei mogleg knivstikking.
Publisert

Natt til laurdag vart to personar utsette for vald og knivstikking i Oslo. Fire gutar under 18 år er sikta for åtaket. Ein av dei er under den kriminelle lågalderen. Ifølgje rapporten «Barne- og ungdomskriminalitet i Oslo 2023» er det ein auke i den registrerte kriminaliteten blant 10–15-åringar.

– Du skreiv i 2018 boka Advarsel. Svenske tilstander i Norge. Kva fortel denne utviklinga deg?

– Eg ser eit bilete der ein har same grunnleggjande situasjon som i Sverige, at barn blir brukte av kriminelle nettverk. Situasjonen har eskalert i Noreg, men er verre i Sverige, der det er mykje bruk av våpen. Problemet er ikkje nytt, men har blitt meir synleg. Barn heilt nede i 11–12-årsalderen har lenge blitt brukte i Noreg til å selje narkotika på gata. Likskapane mellom Noreg og Sverige har vore der lenge, men er no meir synlege.

– Me får inntrykk av at det er meir vald no enn før?

– Det er litt tilfeldig, utviklinga i Noreg lever sitt eige liv, uavhengig av Sverige. Kontakten til Sverige har alltid vore der mellom gjengane. Young Bloods har til dømes lenge hatt kontakt med nettverk i Göteborg. Likevel, det er mykje merksemd kring gjengane og gjengleiarane i Sverige, og når desse difor trekkjer over grensene, aukar aktiviteten også i Noreg. Men det er vanskeleg å seie sikkert kvifor det har auka i Noreg. Dette har jo fått lov til å utvikle seg over tid, og aktørane, ungdomane, ser at det dei gjer, ikkje får konsekvensar. Eg har sjølv sett korleis dei herjar med folk i Storgata. Ofte blir ikkje tjuveri melde til politiet, så mørketala er nok store. Den auka valden kan også vere ein konsekvens av at fleire gjengleiarar er fengsla. Dette har ført til ein anarkistisk situasjon. Inntektene til dei kriminelle har blitt ustabile. Me snakkar her om barn som har få sperrer. Dei har vent seg til ein måte å leve på som er spesiell, som er utanfor lover og reglar.

– Korleis hamna me her, meiner du?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement