Norskfinansiert rettsstat i forvitring

Juristar har bede Noreg stoppe milliardutbetalingar til Polen etter omfattande endringar i det polske rettsvesenet. – Polen mislegheld heile EØS-avtalen, seier jussprofessor Terje Einarsen.

Styreleiar Terje Einarsen i den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen meiner det er uansvarleg av Noreg å halde fram med å gje EØS-bidrag til Polen.
Styreleiar Terje Einarsen i den norske avdelinga av Den internasjonale juristkommisjonen meiner det er uansvarleg av Noreg å halde fram med å gje EØS-bidrag til Polen.
Publisert Sist oppdatert

Det er lite som går i rett retning for rettsstaten og demokrati i Polen for tida. På rankingane til den amerikanske stiftinga Freedom House vert ikkje landet lenger kategorisert som eit liberalt demokrati. Polen er òg landet som har falle raskast på demokratiindeksen Variety of Democracy dei siste ti åra. Særleg utviklinga i det polske rettsvesenet har bidrege til fallet.

Sidan det nasjonalkonservative Lov- og rettferdspartiet kom til makta i 2015, er det, som Dag og Tid har skrive om tidlegare, mellom anna innført ein lov som inneber at polske dommarar kan bøteleggjast – og miste jobben – om dei kritiserer justispolitikken til regjeringa. Det er òg oppretta eit disiplinærkammer i høgsterett som kan gripe inn mot dommarar som ikkje gjer jobben rett. Domstolar og disiplinærkammeret er fylte opp med folk som er lojale til regjeringa, og nesten alle dommarane i grunnlovsdomstolen er utnemnde av regjeringa.

EU har reagert på desse endringane, og kommisjonspresident Ursula van der Leyen har varsla at det kan verte aktuelt å halde tilbake budsjettstøtte og koronakrisemidlar til Polen om ikkje utviklinga i rettsvesenet snur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement