Ny lønstopp i staten

Benedicte Bjørnland har fått ny jobb og nytt lønshopp: Som ny toppsjef i Politidirektoratet får ho ei årsløn på to millionar.

Politidirektør Benedicte Bjørnland blir den best betalte i leiarlønssystemet i staten.
Politidirektør Benedicte Bjørnland blir den best betalte i leiarlønssystemet i staten.
Publisert Sist oppdatert

Den nye politidirektøren tener no 254.000 meir enn regjeringsadvokaten, Fredrik Sejersted, og 269.000 meir enn riksadvokaten, Tor Aksel Busch. Dei hadde ved årsskiftet ei årsløn på høvesvis 1.746.257 kroner og 1.731.400 kroner.

Då ho vart sjef for Politiets tryggingsteneste (PST) i 2012, gjorde ho eit lønsbyks frå 891.000, kroner som ho hadde som politimeister i Vestfold, til 1.438.000 kroner som PST-sjef. Ho fekk med det ei årsløn som var 67.000 meir enn årsløna til den øvste leiaren for påtalemakta, riksadvokat Tor Aksel Busch. Det vekte den gongen reaksjonar i etaten.

Maksimal løn

Ei årsløn på to millionar er det maksimale ein kan få i leiarlønssystemet i staten. Politidirektøren kan med det nye lønsnivået ikkje få lønstillegg utan at lønssystemet blir endra. Løna utgjer 320.000 meir enn løna til statsminister og stortingspresident.

I dei siste åra har NAV-direktøren, Sigrun Elisabeth Vågeng, toppa lista over dei best betalte statlege leiarane i leiarlønssystemet med ei årsløn på 1,9 millionar kroner. Ho fekk ikkje lønstillegg i fjor, i motsetnad til alle dei andre 24 best betalte på det statlege leiarlønssystemet.

Nærast Vågeng ligg regjeringsråd Anne Nafstad Lyftingsmo ved statsministerens kontor med ei årsløn på 1.850.800 (pluss 2,8 prosent). Deretter fylgjer vegdirektør Terje Moe Gustavsen med 1.830.700 (pluss 2,8), finansråd Hans Henrik Scheel med 1.830.000 (pluss 1,7) og skattedirektør Hans Christian Holte med 1.800.000 (pluss 3,2).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement