Ny OL-floke

I helga gjekk eit utval i Noregs idrettsforbund inn for ein ny OL-søknad. Sports­journalist Andreas Selliaas meiner vi har viktigare ting å ta oss av.

Kan vi få eit nytt OL på norsk jord, slik som på Lillehammer i 1994?
Kan vi få eit nytt OL på norsk jord, slik som på Lillehammer i 1994?
Publisert Sist oppdatert

Eit utval i Noregs idrettsforbund (NIF) vedtok i helga at dei vil tilrå forbundet å søkje vinter-OL i 2030 og 2034. Dimed har forbundet teke eit første steg mot ein OL-søknad. Samstundes kom berre 23 av 66 idrettskrinsar med konkrete svar i forkant. Om lag halve folket seier i ei meiningsmåling i VG at dei er positivt innstilte til eit nytt OL på norsk jord.

Andreas Selliaas er sportsbloggar og driv nettavisa Idrettspolitikk.no.

– Bør Noreg søkje om å arrangere eit nytt vinter-OL?

– Eg skjøner at mange har lyst på eit OL. Eg var sjølv på Lillehammer og veit kor moro det var. Samstundes har eg forska på dette i så mange år at eg får litt avsmak for heile prosjektet. Det må totale reformer til før eg kan tilrå Noreg å søkje. Men om vi bør eller ikkje, vil eg ikkje ta stilling til. Det store spørsmålet er om norsk idrett er klar til å søkje om OL. Det trur eg ikkje. Både det som vart presentert på leiarmøtet i helga, og diskusjonen i forkant, tyder på at dei ikkje er klare.

– Kva meiner du med det?

– Eg spør meg om det eigentleg er stemning for å gå vidare i ein slik prosess. Det var vanskeleg å tyde ut ifrå den rapporten som vart lagd fram. Grunnlaget er tynt og formuleringane generelle. For det andre er ein del av dei utsegnene som kjem om IOC og søknadsprosessen, ganske naive. Det har skjedd ein del forandringar i søknadsprosessen. Til dømes at ein ikkje lenger er bunden til éin by. Samstundes har OL-prosessen vorte meir lukka. Vi anar ikkje korleis forhandlingane ser ut, eller kven som søkjer. Difor er det vanskeleg å ta for god fisk at IOC har endra seg til det betre. Konsekvensen er at det sannsynleg slår attende på opinionen i Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement