Kommentar
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Eureka, hurra, halleluja, for ei skam, svik, idioti! Letta sukk eller rasande utbrot kom frå alle sider i fransk politikk då det torsdag i veke 36 vart kjent at Michel Barnier overraskande var utnemnd til statsminister i Frankrike, 60 dagar etter at landet vart utan effektiv regjering i og med nyvalet.
Barnier har du nok ikkje høyrt om, nei. Like fullt er han ein ringrev og av mange høgakta. Han er med sine 73 år ein hardbalen grå eminense i fransk og europeisk politikk. Mellom anna har han vore parlamentsmedlem sidan 1978, senator, utanriksminister, miljøvernminister, fiskeriminister og viseminister for europasaker. Han aldri vore brikjande oppteken av å få æra for noko, ein diskresjon som var med på å gjere han til eit godt val som EU-kommisjonær og at han fekk ansvaret for forhandlingane med britane om brexit.
Som handverkarson frå Isère med mange arbeidsår i Savoy er han ikkje redd for å syne at han har praktisk handlag. Ein venleg mann, men kjend for å verte særs utolmodig med klønete folk, og han seier då klårt ifrå utan omsveip eller omsyn for statusen til dei han talar til. Til gjengjeld baktalar han aldri nokon. Så har han då også breie nettverk han no kan ha nytte av. Ei brei meiningsmåling syner at han nyt tillit; 57 prosent er tilfredse med valet, betre enn for nokon statsminister på lange tider.
Han vart vørd for arbeidet som medpresident i vinterleikane i Albertville i 1992. Framleis er han med i ein olympisk komité for vern av tradisjonar og god skikk i leikane. I 2030 kan vinterleikane atter leggjast til dei franske Alpane – dersom regjeringa innan 15. oktober i år kan garantere for utgiftene. No trur alle vintersportsentusiastar, som det ikkje er flust av i Frankrike, at det må då gå bra, med Barnier i rette stolen.
Så enkelt er det ikkje. Innan 1. oktober må Barnier-regjeringa etter lova leggje fram statsbudsjettet. Så langt vil ingen vere finansminister med dei vilkåra som gjeld; vedkomande vil verte syndebukk for all framtid. President Emmanuel Macron har nemleg signert for enorme overforbruk.
Her ligg ein hovudgrunn til at Frankrike enno ikkje har ei fungerande regjering etter 75 dagar. Ingen parti ynskjer å sitje med ansvaret for å rydde opp i det gedigne underskotet i statsbudsjettet, der utanlandsgjelda er 5,6 prosent høgare enn brutto nasjonalprodukt. Dette er 2,4 prosenteiningar høgre enn den grensa EU har for å setje eit land under administrasjon, slik det til dømes har hendt med Irland, Portugal og Hellas. Og no brumlar byråkratane i Brussel tungt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.