Kommentar
Nye typar revoltar i Frankrike
Fleire er meir rasande, metodane er verre enn før.
«Saman for republikken» står det på banneret som ordføraren Vincent Jeanbrun og presidenten i det franske senatet Gerard Larcher med fleire går bak til støtte for republikken og mot opptøyane i landet.
Foto: Stephanie Lecocq / Reuters / NTB
Som eld i tørt gras spreidde det seg oppstandar etter politidrapet på 17 år gamle Nahel M. i Nanterre tysdag 26. juni. I 40–50 byar og i flest alle bydelar i Paris har det vore opptøyar – fyrst og fremst i forstadene, der ein etter kvart har sett storming og okkupasjon av politistasjonar. I dei siste tilfella møter politiet sitt eige utstyr i gatekamp.
Eit tusental menneske er arresterte, tredjeparten mindreårige. Hærverket på bygningar og butikkar vil gje forsikringsutbetalingar på over ein milliard euro. Dei utan forsikring får òg dekt kostnadene av staten, så summen vert langt høgare. Offentlege institusjonar er vortne symbol på makt. I Cronenbourg-kvartalet i Strasbourg har to skular brunne ned. Same stad fekk ungdommar tak i ein granatkastar søndag og råka ei kyrkje med folk i (utan personskadar). Gamle folk gret og mintest krigen.
Store politistyrkar
45.000 politifolk er utkommanderte. Utetter søndagen vart panservogner sette inn for å stagge og spreie demonstrantane i fleire byar. Det hende ikkje eingong under maiopprøret i 1968, sjølv om stridsvogner stod oppstilte i Boulogne-skogen. Dei vart heldigvis ikkje brukte.
Natt til tysdag drog president Macron, som avlyste ei statsvitjing i Berlin, ikring på politistasjonar for å mote opp politifolka og fortelje kor stolt han er over at dei ikkje vik i kampen for orden. Så har han då også sjølv lagt til 15.000 i rekkjene deira.
Desse oppreistane spreier seg raskare og er meir valdelege enn dei i 2005, etter at ein 13-åring gøymde seg for politiet i ein transformatorstasjon og omkom der. Sidan har det vore mange små og større episodar, og jamt mange skuldingar om politibrutalitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.