Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
«Tenk deg at du må bla opp 9 milliardar dollar eller verte avretta!»
Ein ung mann med kaps, hettegenser og halskjede ser rett inn i kameraet og gestikulerer engasjert medan han pratar. Dylan Page har over 13 millionar følgjarar på TikTok og fortel historia om den vietnamesiske forretningskvinna Truong My Lan, som nyleg vart dømd for å ha underslege 12 milliardar dollar frå Saigon Commercial Bank. Dommen gjev den vietnamesiske kvinna eit ultimatum: Ho kan betale tilbake to tredelar av summen ho har svindla og sleppe unna med livstid i fengsel, eller ho vert avretta.
«Spørsmålet no er: Klarer ho å finne 9 milliardar for bokstaveleg tala å redde sitt eige liv», spør nyhendeprofilen, som på 43 sekund har formidla nett den same informasjonen som eg kan finne på NTB, BBC eller Aftenposten, men i ei ganske anna form.
På LinkedIn, det føretrekte sosiale mediet for ein del som byggjer karriere, presenterer Page seg som ein innhaldsskapar som skal revolusjonere nyhendepresentasjonen for generasjon Z. Den siste tida har han lagt ut videoar om at valdtektsskuldingane mot fotballspelaren Mbappé er lagde bort, om Luigi Mangione som er pågripen for drapet på helseforsikringsdirektøren Brian Thompson i USA, og om dei mest brukte søkjeorda på Google i 2024, for å nemne noko.
Page speler inn videoane sine i det som ser ut til å vere eit heimemekka studio, med si eiga merkevare i neonlys ved sida av ein klode på veggen: News Daddy. Han er det ein kan kalle ein nyhendeinfluensar, som har vorte ei gruppe å rekne med i sosiale medium.
Viktig kanal
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.