Krig

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.
President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.
Publisert

For fire dagar sidan kom meldinga om at den russiske forsvarsministeren Sergej Sjojgu fekk sparken. Inn i toppleiinga i det russiske forsvaret kjem økonomen Andrej Belousov, ein nær Putin-alliert som dei siste åra har vore visestatsminister.

Det som har hendt, handlar om mykje meir enn ein rokade av folka på toppen av den russiske maktpyramiden. Pressetalsmannen til president Vladimir Putin, Dmitrij Peskov, kom med ei melding om kva som står på spel, då han gjorde endringa kjend sist sundag: Militærutgiftene i Russland tek no ein like stor del av bruttonasjonalproduktet som dei gjorde på 1980-talet, den gongen Russland var styrt av kommunistpartiet. Fordi forsvaret er blitt så stort, må ein ha inn effektive folk til å leia sektoren, sa Peskov.

Ulike klanar

Om ein skal omsetja dette til vanleg, forståeleg språk, må ein ta eit steg tilbake og sjå på kva for slags samfunn Russland er i dag. Russland er ikkje eit normalt, moderne land der dei ulike samfunnsområda blir forvalta av byråkratar som jobbar for statens beste. Det russiske statlege byråkratiet er sett saman av ulike klanar som alle kjempar for å henta størst mogleg forteneste ut av dei posisjonane dei har til kvar tid.

Då Sergej Sjojgu blei forsvarsminister i 2012, var det militære apparatet ein viktig, men ikkje den viktigaste delen av den russiske staten. Dei siste åra har – ikkje minst på grunn av åtakskrigen mot Ukraina – det russiske forsvaret svulma opp til enorme dimensjonar. Heilt nøyaktige tal er det vanskeleg å finna, men fleire overslag går ut på at utgiftene til krigen og til såkalla indre tryggleik i Russland et opp mellom 35 og 40 prosent av statsbudsjettet.

Forbrytarvelde

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement