Nytt utdanningskrav for lærarar

Framover skal alle som vert fast tilsette som lærarar, ha lærarutdanning. Det er eit viktig krav for å motverke lærarmangel, meiner tidlegare kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

Eit lovforslag med krav om lærarutdanning for å verte fast tilsett som lærar i skulen, vart denne veka sendt på høyring.
Eit lovforslag med krav om lærarutdanning for å verte fast tilsett som lærar i skulen, vart denne veka sendt på høyring.

Nær eitt av fem lærarårsverk i grunnskulen og den vidaregåande skulen er i dag utført av ein lærar som ikkje har lærarutdanning. Men denne veka sende regjeringa på høyring eit lovforslag med krav om at dei som skal verte fast tilsette som lærar i skulen framover, må vere utdanna lærarar.

Kravet om lærarutdanning har vore ei kampsak for lærarorganisasjonane, og det har også støtte frå Høgre. Det seier tidlegare kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H), som var saksordførar i utdannings- og forskingskomiteen då opplæringslova vart handsama i Stortinget tidlegare i år.

– For Høgre er det viktig at alle elevar møter ein kvalifisert lærar i klasserommet. Vi veit at gode lærarar er det viktigaste for barns læring og utvikling, seier han.

– I dag seier opplæringslova at den som skal tilsetjast i ei lærarstilling i grunnskule og i vidaregåande, skal ha «relevant fagleg og pedagogisk kompetanse». Framover kan det kome til å stå «relevant lærarutdanning». Men er det så stor skilnad for elevane?

– Det viktige er at vi hevar statusen til læraryrket, og då er det rett å stille krav om lærarutdanning. Då vi sat i regjering, var det sterk auke i søkjartala til lærarutdanninga, fram til 2019. Vi endra òg lærarutdanninga til ein femårig master, stilte tydelegare opptakskrav for å verte lærar, sette i gang ei stor vidareutdanningsreform for lærarar og stilte eigne kompetansekrav for å undervise i norsk, engelsk og matematikk. Og det vart om lag 5000 fleire kvalifiserte lærar i norske klasserom i løpet av regjeringstida vår, men framleis er det mange som ikkje har lærarutdanning.

– Regjeringa har presisert at lærarar som i dag ikkje har lærarutdanning, ikkje skal avskiltast. Men kan ikkje kravet om utdanning likevel fort føre til at skulen framover går glipp av både engasjerte og røynde undervisarar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement