Ole Didrik Lærum (1940–2023)
Ole Didrik Lærum.
Foto: Universitetet i Bergen
Patologen, kulturhistorikaren, forskaren, universitetsrektoren, institusjonsbyggjaren, musikaren, ja, renessansemennesket Ole Didrik Lærum døydde 24. januar på Voss, bygda han kom frå og var nært knytt til.
Eit sjeldsynt gåverikt menneske er ikkje med oss lenger. Han vart 82 år. Det er vemodig. Til paradoksa i livet høyrer at han skulle døy av den sjukdomen han vigde mesteparten av sitt profesjonelle liv til å skjøna og nedkjempa: kreften.
Ole Didrik Lærum kom frå ei slekt av lækjarar. Far, farfar og oldefar var alle medisinarar på Voss. Men medan dei tidlegare generasjonane hadde vore ute i felten som tuberkulose- og distriktslækjarar, slo Ole Didrik snart inn på forskarvegen. Eit opphald ved Pasteur-instituttet i Paris vekte interessa hans for vitskapleg verksemd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.