Kommentar

¿ Om å fly frå pest

Kva seier historia om frykt for smitte, er det rett å reise på hytta?

Frank Percy Wilson: «Runaways fleeing from the plague», 1630.
Frank Percy Wilson: «Runaways fleeing from the plague», 1630.
Publisert

Lytt til artikkelen:

På langfredag, dagen før karantene og koronarestriksjonar vart innførte i Moskva, køyrde 730.000 bilar, kanskje opp mot 1,3 millionar menneske, ut av byen med kurs for datsjaene, landstadene ute på landet. Eg skjønar dei godt. Om eg hadde hatt hytte på fjellet, ville eg vore den fyrste i køen ut av byen då koronaviruset lamma Noreg i midten av mars. Det ville vore det mest rasjonelle av alt. Tatt med seg heimekontoret, lasta bilen full av ungar og mat og rigga seg til med trygg sosial distansering i ope landskap. Det hadde vore noko anna enn å støve inne midt i episenteret i Oslo.

Dei som tenkte som eg då epidemien braut ut, og som i tillegg eigde ei hytte, måtte fort snu. Det var inga bønn, men tvert om trugsmål om bot og fengsel for dei som trassa forbodet. Fyrst denne veka fekk endeleg hyttefolket reise opp til hyttene. For å halde på førestillinga om at hytteforbodet var naudsynt, seier helseministeren at det framleis er ei nasjonal tilråding å unngå fritidsreiser – men hyttekontor i staden for heimekontor kan jo neppe kallast fritidsreise. Det er å vone at det vert betre plass i byen for oss andre, vi som ikkje har hytte, men som må nytte parkar og bymark når vi vil lufte oss. I så fall er det ein lette. For sånn i attersyn var det vel ikkje noka meining i å halde heile folket i påskekarantene? Det vart ingen smitteeksplosjon, inga overbelastning på sjukehusa og inga massiv utrykking av ambulansar. Nytten av hytteforbodet, det mest omdiskuterte koronatiltaket av alle, handla aller mest om å byggje dygd og moral. For no har vi prova at vi er eit folk som stiller opp, gjer store offer, held ut og held stand. Og sist, men ikkje minst: Her i landet kan sjølv ikkje dei privilegerte snike seg unna.

Dansk kastesystem

I Danmark, der Mette Frederiksen lét sommarhusa stå opne, vart utreisa raskt skildra som eit symbol på klasseskilje. Det var eit nytt kastesystem: Dei rike reiste på påskeferie til sommarhuset, medan middelklassen var isolert i tronge leilegheiter med nettbrett og rastlause born, og arbeidarane heldt samfunnet i gang ved å jobbe i frontlinja, om dei då framleis hadde ein jobb. I land som USA vert klasseskilje i koronatida endå tydelegare. Men sånn er det altså ikkje her. Her held vi framleis på illusjonen om at alle er like. Ikkje eingong Nicolai Tangen kunne reist til hytta si i Blindleia om han hadde vore i Noreg.

Hytteproblemstillinga

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement