Essay

Om det norske og det samiske

DEL 1. Striden om vindkraftverka på Fosen har piska opp ein lang rekke konfliktar rundt det norske og det samiske. I dette essayet tar Morten A. Strøksnes for seg bitre kontroversar rundt eigedomsrett, ILO-konvensjon nr. 169, historie, juss, demokrati, identitet, reindrift, fiske og kunst.

Nordsamar i Sápmi, fotograferte kring år 1900.
Nordsamar i Sápmi, fotograferte kring år 1900.
Publisert Sist oppdatert

I

Ei av mange aha-opplevingar i Fosen-saka kom for meg i ein debatt mellom Ella Marie Hætta Isaksen og Elisabeth Sæther på Helgemorgen (NRK P2, 26. februar i år). Den unge artisten og aktivisten feia golvet med statssekretæren i Olje- og energidepartementet. Isaksen fekk òg siste ord i debatten. Det var etter at Sæther hadde sagt at det er reindrift i 40 prosent av Noreg, og at også desse områda treng straum.

Mens ho hamra knyttneven i bordet så ein kunne sjå føre seg at kaffikoppane spratt, og med ein grad av ekte indignasjon som er sjeldan i Noreg i dag, sa Isaksen: «Jeg hater det argumentet, jeg hater argumentet om at 40 prosent av Norge er reinbeiteareal. For jeg skal fortelle dere at 100 prosent av Sápmi er kolonisert av staten Norge. Jeg får så ondt, langt inn i sjela, når sekretærer og politikere på det nivået tillater seg å synke på et så lavt nivå og bruke slike argumenter. Det er fullstendig uhørt og en fullstendig kolonialistisk tankegang (...).»

«Da må vi sette strek», avslutta programleiaren.

På kart over Sápmi utgjer området 60 prosent av Noregs areal. Området går frå Finnmark i nord, til Røros og Møre i sør. Meiner Isaksen, som er ein uvanleg dyktig retorikar (og artist), og som eg sympatiserte med under Fosen-saka, at mesteparten av Noreg, bortsett frå dei sørlegaste og sørvestlegaste delane, er koloniserte område?

Kanskje ho spissformulerte seg der og da. I boka hennar, Derfor må du vite at jeg er same, nyttar ho heilt andre typar språk for å få fram korleis det har vore å vere ung same i Tana og Noreg. Boka er nyansert og har mange interessante observasjonar rundt ein kunstnars livskjensle, til dømes om korleis ho opplevde at dei tre kulturane (samisk, kvensk, norsk) naturleg var fletta inn i kvarandre. Eller om dei klisjéfylte forventningane utanforståande ofte har til ein same, berre for å nemne eit par ting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement