Politikk
– Om ikkje no, kva tid då?
Høgre tek til orde for ein ny EU-debatt. Heidi Nordby Lunde meiner det er på høg tid.
Flagga vaiar framfor hovudkvarteret til EU-kommisjonen i Brussel.
Yves Herman / Reuters / NTB
Sist helg opna Høgres landsmøte for ein ny debatt om Noregs forhold til EU. Også Oslo-ordførar Raymond Johansen tok i eit innlegg i Aftenposten til orde for ein ny EU-debatt. Éin av fem seier dei har endra syn på EU-medlemskap etter krigen i Ukraina, ifølgje ei måling publisert i Vårt land.
Heidi Nordby Lunde er leiar i Europarørsla og stortingsrepresentant for Høgre.
– Kvifor ein ny EU-debatt no?
– Russlands krigføring i Ukraina gjer naturlegvis debatten aktuell igjen. Men eg meiner vi såg det alt før krigen. Koronapandemien og klimakrisa er berre to døme på kriser som synleggjer verdien av å vere eit EU-land. Spesielt på klimafronten syner EU no handlekraft og gjennomfører for tida ei grøn omstilling på steroid.
– I Danmark skal dei ha folkerøysting om tilslutning til forsvarssamarbeidet i EU, medan den tyske kanslaren snakkar om eit tidsskifte i europeisk historie. Har krigen endra på sjølve premissen for heile EU-debatten?
– Vi må innsjå at krigen endrar verda for alltid. Sidan byrjinga av invasjonen har vi fått over 500 nye medlemer i Europarørsla. Det viser at folk ser nytten av eit norsk EU-medlemskap. Vi i Europarørsla må verte flinkare til å seie at fred og fridom er målet. EU er middelet for å nå det målet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.