Om Noreg gjev 105 milliardar til Ukraina neste år, aukar sjansen for å halde Trump inne på laget, meiner Guri Melby.

Publisert

Det har blitt ein intens bodrunde om den norske Ukraina-støtta for neste år. Regjeringa ville først sette av 15 milliardar kroner på statsbudsjettet til militær og sivil hjelp i Ukraina i 2025. Høgre har tredobla, og vil gje 45 milliardar. MDG heva bodet til heile 80 milliardar. Venstre overgår dei alle, og vil setje av 105 milliardar kroner til Ukraina neste år.

Guri Melby er partileiar i Venstre.

– Debatten om Ukraina-støtta har blitt ein auksjon der opposisjonspartia overbyd kvarandre. Er dette godt gjennomtenkt politikk?

– Ja, det er det. Men målet vårt var ikkje at dette skulle arte seg som ein auksjon. Vi ønskte forhandlingar der regjeringa og opposisjonen sette seg ned saman og diskuterte støtta. Dessverre gjekk ikkje regjeringspartia med på dette. Men forslaga frå opposisjonspartia bygger på mange ulike kjelder. Vi har hatt dialog både med den ukrainske ambassaden og med ulike norske kompetansemiljø. Vi har ikkje berre tenkt på eit tal.

– Noreg har tent svært godt på auka gassprisar på grunn av Ukraina-krigen. Somme seier at dette medfører ei moralsk plikt til å gje ein del av overskotet til Ukraina. Vi tenker ikkje slik om andre hendingar som aukar prisen på eksportvarer?

– Slik eg ser det, handlar ikkje dette så mykje om moral. Det handlar om kva som er viktig, og kva kvart land kan gjere for å bidra. Det å støtte Ukraina i kampen mot Russland er ei svært viktig sak. Takk vere dei store ekstrainntektene frå gass og olje har Noreg betre høve enn dei fleste land til å gjere noko. Det å hjelpe ukrainarane no er ei tydeleg avgrensa sak, ikkje noko som er på line med alle andre gode føremål.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement