Kommentar
Open kloakk
Den digitale revolusjonen skulle gjere oss meir effektive, mobile og frie. Så kvifor vassar eg dagen lang til knes i digital septikslam?
Ein vanleg dag for meg begynner slik som dette. Eg står opp, går ned og set på kaffitraktaren, et eit knekkebrød. Når kaffien er ferdig, går eg opp på kontoret og vekker datamaskinen. Først sjekkar eg e-posten. Meir presist vil det seie å finne ut om det er eit eller anna, mellom alt søppelet som har rent inn i løpet av natta, som eg må vurdere å opne og svare på.
I dag er den øvste meldinga i innboksen frå Metropolitan Police UK. «Are you dead or alive?» står det i emnefeltet. Eg opnar. Engelsk politi vil altså gjerne vite om eg lever eller er død. Det har seg nemleg slik at ein Mr. John Lewis spring rundt og hevdar at eg omkom i ei bilulykke den 30. desember 2022. Ja, han har til og med lagt fram dødsattesten min for ein bank i New York. Men politiet trur det kan vere svindel, skriv dei. For John Lewis freistar nemleg å få tak i ein arv på 16.602.000 dollar som eigentleg tilhøyrer meg. Det er berre å ta kontakt, om eg er i live, skriv dei. Eg må berre fylle ut ei heil mengd personleg informasjon i skjemaet som ligg vedlagt, så skal det nok dette gå greitt.
Å nei, du. Den bit eg ikkje på. Eg har nemleg ingen fjerne millionærslektningar i USA, det er berre ein haug med white trash i Canada. Seriøst.
Men det er slik kvar dag startar. Med at nokon som trur eg er retardert, freistar å lure meg. Dagen lang. År ut og år inn. Eg har meir enn 29.000 e-brev i innboksen, og berre 9000 i spamfilteret. Det burde ha vore kanskje 3000 e-brev i innboksen og 35.000 i søppeldunken.
På ein vanleg dag får eg rundt 40 svindelbrev. Kvifor ikkje spam-filteret reinskar dei bort, veit eg ikkje, men det er vel fordi algoritmane genererer nye e-postadresser i det uendelege. Mange vil ha meg til å tru at eg har vunne ein premie, eg må berre klikke på lenka. Andre påstår dei prøver hardt å levere den nye iPhonen min, eller noko anna eg ikkje har bestilt, men det er noko gale med adressa.
Ein seier han har hacka maskinen min og vil presse meg for pengar for ikkje å avsløre alt det lysskye eg driv med. Rundt ti e-brev om dagen vil ha meg til å ta opp store forbrukslån, eller samle alle forbrukslåna mine i deira «bank». Dette er faktiske, verkelege firma som Uno Finans, Axo Finans, Bank Norwegian eller Finansiering.no – og av alle dei eg må ha kontakt med dagen gjennom, synest eg desse er den verste. Merk: Denne «reklamen» kjem aldri direkte frå desse firmaa, men alltid via mellommenn. Det er slik narkobaronar jobbar: Det skal ikkje vere noka direkte kopling mellom gateseljarane og dei som sit øvst i kartellet og håvar inn pengar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.