Opnar for fleire universitet
Dagens krav for å få universitetsakkreditering er ein politisk og særnorsk konstruksjon, seier Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet.
Dronning Sonja var til stades ved den offisielle opninga av Veterinærbygget ved det som i dag er Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås. Utdanningsinstitusjonen på Ås fekk høgskulestatus i 1897 og universitetsstatus i 2005. No vil regjeringa gjere det lettare også for andre høgskular å verte universitet.
Foto: Lise Åserud / NTB
Regjeringa ønskjer å endre regelverket slik at fleire norske høgskular kan verte universitet. Medan det i dag krevst fire eigne doktorgradsprogram for å få universitetsakkreditering, kan det framover verte krav om berre eitt.
Gunnar Yttri er rektor ved Høgskulen på Vestlandet, som har studiestader i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord.
– Du seier i eit intervju med nettavisa Khrono at regjeringa i forslaget legg opp til eit «mye sunnere universitetsbegrep». Kvifor er det sunt å redusere krava for å få universitetsstatus?
– Då kravet om fire doktorgradsprogram vart sett, var det ein politisk og særnorsk konstruksjon som sytte for at ein fekk opp nye universitet i Stavanger og Agder og i nord. Talet var godt meint i si tid, men det var altså ei særnorsk øving som det er vanskeleg å finne parallellar til internasjonalt, seier han.
– Må det finnast parallellar internasjonalt for at det skal vere eit godt krav?
– Vi treng ikkje vere som alle andre, men det er greitt å ha eit universitetsomgrep som er forståeleg også utanfor landegrensene. Det er òg viktig for samarbeid med internasjonale partnarar. Poenget er at om du har forskarutdanning innanfor området du tilbyr utdanning på, og driv aktiv forsking innanfor same området, så bør du vere kvalifisert til å vere universitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.