Landbruk
Oppgjerstimen
Jordbruksoppgjeret ligg an til å verte historisk dyrt. Vi har fått rekninga for ein feilslått jordbrukspolitikk, meiner tidlegare landbrukstopp Anders Nordstad.
Fleire storfebønder vurderer om dei kan halde fram etter konstnadsauken den siste tida.Fleire storfebønder vurderer om dei kan halde fram etter konstnadsauken den siste tida.
Foto: Ørn. E Borgen / NTBFoto: Ørn. E Borgen / NTB
Alt liv heng saman med dette: Gras og andre grøne plantar tek til seg næringsstoff og vatn frå jorda, energi frå sollyset og karbondioksid frå lufta. Tilbake frå planten får vi oksygen i lufta og planten sjølv, som byr på sukker, stivelse og karbohydrat. Enkelte plantar kan vi menneske ete, som korn. Andre plantar må vi overlate til firbeinte med meir robuste magar, som gras, som igjen vert mat for oss.
Når ein blar att og fram i dei til saman 350 sidene som utgjer krav og tilbod framfor årets jordbruksoppgjer, kan ein finne ro i å tenkje på dette enkle faktumet. Ja, langt meir ro enn ved å tenkje på årsakene til at jordbruksoppgjeret i år vil verte historisk dyrt. Rekordhøge prisar på energi, som igjen har ført til prisvekst på kunstgjødsel, kraftfôr, frakt emballasje og mykje anna på verdsmarknaden. Ein krig på kontinentet som gjer vondt verre.
Opprør og krig
2021 og 2022 er åra då «alt» vart dyrare for matprodusentar. Og då råvareracet tok til i fjor haust, var det alt opprør i den norske bondestanden. Utanfor bondelaga aksjonerte unge bønder for å betre livsvilkåra sine, som vart prega av høg gjeld, låg inntekt og dystre framtidsutsikter. Kva no?
Svært forenkla har jordbruksforhandlingane i år to hovudsaker: kompensasjon for ekstrakostnader og auka inntekter. At bøndene vert kompenserte, er alt klart. Dermed står slaget om inntektene. Budsjettmidlane vil auke frå totalt 18,4 milliardar i 2022 (20,2 milliardar etter kompensasjon for ekstrakostnader) til ein stad mellom 23,8 milliardar (som er tilbodet frå staten) og 26,5 milliardar (som er kravet frå bøndene).
I tillegg vert maten dyrare. For når matprisane aukar globalt, gjev det rom for prisauke også i Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.