Landbruk
Opprørar i posisjon
Bondeopprørar Tor Jacob Solberg er vald til leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag. Arbeidet med å endre landbruket byrjar no, seier han.
Det er knytt store forventningar til Tor Jacob Solberg som ny leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag. I løpet av dei ti fyrste dagane hans som leiar har organisasjonen fått rundt 200 nye medlemmer.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Dei er framleis ikkje nøgde, bøndene. Det grasrotdrivne bondeopprøret frå 2021 vann fram med kravet om at talmaterialet inntektsoppgjeret deira, jordbruksoppgjeret, byggjer på, skal endrast for å skildre røynda til den aktive bonden betre. I Hurdalsplattforma lova regjeringa å leggje fram ein tidsplan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. Og i jordbruksoppgjeret i vår forhandla bøndene seg fram til 10,9 milliardar kroner, som er eit historisk høgt oppgjer og 10 milliardar meir enn det dei enda med i fjor, etter å ha brote forhandlingane med staten.
Trass i desse sigrane sit Norsk bonde- og småbrukarlag no og reknar på om dei skal krevje tilleggsforhandlingar. Årsaka er at kostnadsveksten har vore høgare enn det som låg til grunn for jordbruksavtalen med staten frå i vår. Anslag frå Agri Analyse, lagde fram denne veka, syner at det kan vere snakk om rundt 870 millionar kroner høgare kostnader. Kraftfôrprisen har til dømes auka langt meir enn førespegla. Samstundes har mjølkebøndene fått beskjed om å produsere 5 prosent mindre enn kvotane for å hindre overproduksjon, noko som kjem til å gje lågare inntekter. Dette er nokre av elementa Småbrukarlaget vil be om kompensasjon for dersom dei krev tilleggsforhandlingar, seier Tor Jacob Solberg.
«Den nye vinen»
Solberg er mest kjend som ein av dei fem bøndene som starta bondeopprøret. No er han òg ny leiar av Bonde- og småbrukarlaget, og det er knytt store forventningar til kva han kan få til av endringar.
Ifølgje Sp-politikar Per Olaf Lundteigen er Solberg «en sjeldent dyktig kar», Nationen-kommentator Hans Bårdsgård omtalar han som karismatikar, og Sp-veteran og tidlegare leiar i Felleskjøpet, Dag Fossen, har kalla han «den nye vinen». På dei ti fyrste dagane hans som leiar har Småbrukarlaget fått rundt 200 nye medlemmer.
Men sjølv stjerner kan trø feil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.