Essay
Oppteikningar frå ein pubkjellar
PARIS, MARS 2025: På amatørkveld i det engelskspråklege litteraturmiljøet i Paris er det framleis kraft i ein gamal transatlantisk frankofili.
David Barnes introduserer kunstnarspirer og andre amatørar i kjellaren på Chat Noir i Paris.
Sabine Dundure
Overalt i avisspaltene og tenketankane opprustingsvåren 2025 kava folk med å finne ein bra måte å snakke positivt om det europeiske på, utan å høyrast heilt 1800-tals ut. Nokon foreslo ei felles kulturell opprusting, parallelt med den militære, der ein utan skam skulle feire den europeiske kulturarven og gjere kontinentet robust ved betre å kjenne seg sjølv. Andre fekk frysningar av slik blodfattig nostalgi mot ein gullalder som aldri fanst.
Samstundes spurde dei seg, i avisspaltene og tenketankane, kvar undergrunnen var blitt av der borte på andre sida av Atlanterhavet, i landet som hadde gått frå å vere ein tryggleiksgarantist for Europa til å bli ein trugsel.
Kva blir tilbakeslaget mot dette tilbakeslaget, spurde ein seg. Korleis ville den neste motrørsla sjå ut? Nokon svarte at det slett ikkje var motstandsrørsle i tradisjonell forstand ein trong no, men kapable juristar og moderate politikarar som med fornuft kunne rydde opp og stille tyrannar til ansvar.
Mot dette bakteppet mingla eurokratar for harde livet. Dei stimla kring kvarandre i konferansesenter Europa over, for å tenke fram nye framtider for denne historisk mektige fiksjonen: det europeiske.
Eigentleg var ikkje dette noko nytt; det hadde berre stige til medieoverflata etter å ha blitt rørt i av røret i USA. Dei nye samtalane om det europeiske hadde alt vore i gang under Trump-dynastiets første periode.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.