Kommentar

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar. Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Publisert Sist oppdatert

Då russiske styrkar gjekk til full invasjon av Ukraina i 2022, var det ikkje berre ukrainske soldatar dei jakta på. Dei var òg ute etter sivile som kunne verte eit problem for den russiske krigføringa og den påfølgjande okkupasjonen. Russiske soldatar rykte inn i bydelar og landsbyar med ferdige lister over folk som budde i området. Her plukka dei ut tilsette i lokal administrasjon, dei som hadde arbeidd i politiet, folk som hadde avtent verneplikt fleire år tidlegare, og folk som hadde markert seg som negative til Russland. Russarane meinte at folk i desse kategoriane kunne verte truslar mot den russiske kontrollen med Ukraina, og dei gjekk hardt til verks for å førebyggje det.

Somme sivile vart haldne fanga i kjellarar og utsette for forhøyr med tortur – til dømes med ombygde feltradioar som kunne sende elektriske støyt mot ulike kroppsdelar. Behandlinga var ikkje dødeleg, men smertefull. Denne torturen vart kombinert med lite mat og vatn, bind for augo, slag og truslar om avretting. Somme stader var mat og vatn berre for dei som hadde «verdifull» informasjon å gje, for det var særleg informasjon dei russiske soldatane var ute etter. Andre stader fekk soldatar gjere heilt som dei ville. Det kunne vere å skjere bokstavane RF (Russiske Føderasjon) med kniv på rumpa til ein sivil fange, eller stable skolause, bakbundne sivile med bind for augo som vern mot eld frå ukrainske styrkar.

Historiene til dei sivile ukrainarane som har sloppe ut frå russisk krigsfangenskap, er skakande. Tortur har gått føre seg i alle dei okkuperte områda. Fordi metodane er forbløffande like i alle områda der russiske styrkar rykte inn, i sør, aust og nord, verkar torturen planlagd og systematisk. Ein rapport som vart lagd fram for statane i Organisasjonen for fred og samarbeid i Europa (OSSE) denne veka, og som underteikna har medverka til, konkluderer med at Russland er ansvarleg for massive brot på menneskerettar og reglar for krigføring i og med handsaminga av sivile ukrainarar etter invasjonen i 2022.

Genèvekonvensjonane frå 1949

Den andre verdskrigen – den siste store mellomstatlege krigen i Europa før Russland invaderte Ukraina i 2022 – var skilsetjande. Sivile vart deporterte, tvangsflytta og internerte i konsentrasjonsleirar over mykje av kontinentet. Jødar, sigøynarar, utviklingshemma og opposisjonelle vart haldne i sivilt krigsfangenskap. Dei vart utsette for grufulle ugjerningar, og mange millionar av desse fangane kom ikkje levande frå det. Då krigen var over, vart statane i verda einige om å styrke reglane som skulle verne sivile krigsoffer, altså sivile som hamnar i fangenskap hjå fiendestaten. Dei skulle handsamast på humant vis, og skulle ikkje lenger kunne gjerast til reiskap for den krigførande staten. Også sivile skulle sjåast på som krigsoffer om dei var fanga av fienden.

Forhandlingane munna ut i dei fire Genèvekonvensjonane frå 1949. Dei tre fyrste er reforhandla avtalar, og handlar om skadde og sjuke soldatar, skipbrotne soldatar og krigsfangar (soldatar som er tekne til fange av fienden). Dei skal handsamast på humant vis, ikkje torturerast, dei skal få mat og pleie, og krigsfangane skal sendast heim att idet krigen er over. Den store nyskapinga etter krigen kom med den fjerde Genèvekonvensjonen, ein traktat som vernar dei sivile mot dei verste herjingane til framrykkjande styrkar og framande okkupasjonsmakter. Denne konvensjonen vert sett på som det viktigaste juridiske arvesølvet verda tok med seg vidare etter andre verdskrig, og alle statar i verda har slutta seg til han. Fram til 2022 har det særleg vore i andre delar av verda at den fjerde Genèvekonvensjonen har vorte nytta. Krigen i Ukraina er den første store prøva for konvensjonen i Europa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement