Terrorisme skal skape frykt, det ligg i sjølve ordet. Men den største effekten terroristar kan oppnå med ugjerningane sine, er ofte reaksjonane dei kan provosere fram frå ein overmektig motstandar. Terroråtaket Hamas og Palestinsk islamsk jihad retta mot Israel 7. oktober, spreidde skrekk og død i kolossalt omfang. Men drapa på kring 1200 menneske og kidnappinga av kring 240 gislar var truleg eit verkemiddel meir enn sjølve målet. Truleg ønskte Hamas å presse fram nett det som har spela seg ut i Gaza dei siste to månadene: ein intens israelsk bombekrig og full invasjon av kyststripa, med enorme øydeleggingar og tap av menneskeliv som følgje. Ifølgje helsestyresmaktene til Hamas i Gaza har krigen til no teke kring 18.600 menneskeliv, dei fleste av dei sivile.
For israelarane har det vore viktig å vise at dei fører ei reinare form for krig enn motstandarane. At ein statleg hær ikkje skal drive med bestialske, målretta massakrar av sivile, slik Hamas gjorde det 7. oktober, seier seg sjølv. Men det å føre krig på så humant vis som mogleg har vore ein del av sjølvbiletet til den israelske hæren (IDF). Politiske og militære leiarar i Israel seier stadig at dei gjer alt dei kan for å halde talet på sivile offer nede. Kor godt stemmer dette, om vi ser på det som så langt er kjent om Gaza-krigen?
«Målet er å øydeleggje Hamas», sa statsminister Benjamin Netanyahu i eit intervju med CBS 17. november. «Vi skal prøve å fullføre den jobben med minimale sivile offer. Det er det vi prøver på: minimale sivile offer. Men dessverre lukkast vi ikkje.»
Dømet Dresden
Den israelske krigen i Gaza er allereie «ein av dei mest intense bombekrigane i historia», skriv den amerikanske statsvitaren Robert A. Pape i eit essay publisert Foreign Affairs 6. desember. Pape er professor ved Universitetet i Chicago. Han har mellom anna skrive boka Bombing to Win, ein historisk analyse av bombekrig som verkemiddel, og fleire bøker om terrorisme. Pape kallar krigen i Gaza for ei kollektiv avstraffing av befolkninga på kyststripa, både fordi bombinga råkar så mange sivile, og fordi Israel har strupt tilgangen på vatn, mat, elektrisitet og drivstoff. Nærare to millionar menneske er drivne på flukt av krigen.
Øydeleggingane i det nordlege Gaza denne hausten kan samanliknast med bombinga av tyske byar som Dresden, Köln og Hamburg i siste fase av andre verdskrigen, skriv Pape. Det er ei uhyggeleg samanlikning. Den allierte bombekrigen av dei tyske byane står som skrekkdøme på øydeleggingane som massive luftåtak kan føre til. Den illgjetne bombinga av Dresden i februar 1945 øydela eller skadde 56 prosent av bygningane i byen og drap truleg kring 25 000 menneske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.