På sporet av tapte heimar
Norske jødar hadde tapt nær alt dei eigde i Holocaust. Erstatningslova etter krigen tok likevel ikkje omsyn til behova deira.
14 år gamle Leif Grusd på jernbanestasjonen i Malmö sommaren 1945, på veg heim til Noreg etter krigen.
Herman Sachnowitz var den einaste i familien som overlevde Auschwitz. Då han kom tilbake til Noreg etter krigen, fann han heimen til familien i Larvik plyndra: «Jeg gikk gjennom huset som tyskerne hadde hjemsøkt. Stuene var tomme, ribbet for alt, de som jeg.»
Under krigen gjennomførte okkupasjonsmakta og Quisling-regimet ein systematisk likvidasjon av jødisk eigedom som gjekk hand i hand med det fysiske folkemordet. Norske jødar skulle ikkje berre drepast – alle spor etter dei og livet dei hadde levd, skulle viskast ut. Medan norske jødar flykta til Sverige eller blei deporterte til Auschwitz, blei alt dei eigde, konfiskert av naziinstitusjonen Likvidasjonsstyret.
På kort tid flytta nye personar inn i heimane deira. Eigedelane – klede, møblar, leiker, servise – vart selde på auksjonar og spreidde for alle vindar. Både NS-medlemer, såkalla «frontkjemparar», privatpersonar, forretningsfolk og statlege institusjonar gjorde seg rikare på jødiske tap.
Ingenting kunne erstatte drepne familiemedlemer eller viske ut trauma etter krigen. Men eitt tilhøve ved Holocaust kunne delvis gjerast om: Det statlege ranet av jødisk eigedom under naziregimet.
Restitusjonsoppgjeret
Etter krigen tok den norske staten fatt på arbeidet med å erstatte det som hadde gått tapt eller blitt øydelagt. Dei skreiv erstatningslover og oppretta tilbakeføringsinstitusjonar der ein kunne søkje om å få dekt tapa. Men store delar av dei jødiske verdiane vart aldri gjevne tilbake. Det vart avdekt av historikaren Bjarte Bruland og psykologen Berit Reisel då dei i 1996 fekk i oppdrag frå Justisdepartementet å undersøkje denne historia som ein del av Skarpnesutvalet. I masteroppgåva mi frå 2021 om tilbakeføringa av jødisk eigedom spurde eg: Kvifor enda det slik?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.