På tryggleiken laus

I 1973 var det 13.763 sengeplassar i norsk psykiatri. I 2020 var talet 3284. Ei rekkje fagfolk meiner at kutta har gått altfor langt.

Eit skilt ved Akershus universitetssjukehus viser veg til den psykiatriske akuttposten. Gjennom nesten 50 år har talet på døgnplassar i psykiatrien stadig blitt skore ned.
Eit skilt ved Akershus universitetssjukehus viser veg til den psykiatriske akuttposten. Gjennom nesten 50 år har talet på døgnplassar i psykiatrien stadig blitt skore ned.
Publisert

Etter drapa på Kongsberg sist veke har psykiatrien i Noreg igjen fått eit kritisk søkjelys på seg. Og sjølv om det er for tidleg å slå fast årsakene til tragedien, er det på sin plass å spørje om helsevesenet er godt nok rusta til å ta seg av dei med alvorlege sinnslidingar. Det vi veit, er det har blitt langt færre plassar for langtidspasientar ved dei psykiatriske institusjonane dei siste 50 åra. Medan det polikliniske tilbodet for psykiske lidingar har blitt styrkt, har talet på sengeplassar i psykiatrien gått rett ned. I 1973 var det 13.763 sengeplassar ved psykiatriske institusjonar i Noreg. I 2020 var talet 3284.

Mykje av denne utviklinga er politisk vedteken og etter alt å døme driven av gode intensjonar. Men nokre av kutta ser ut til å vere motiverte av økonomiske prinsipp meir enn humanistiske ideal. Og om vi skal skjøne korleis og kvifor sengeplassane vart borte, må vi starte eit stykke attende i historia.

Oppbevaring

Dei første psykiatriske sjukehusa, ofte kalla asyl, dukka opp i Europa tidleg på 1800-talet. Desse sjukehusa kom i staden for dei private galehusa eller dollhusa, som dei ofte vart kalla i Noreg. Dei første asyla hadde fint lite effektiv behandling å tilby, og var meir som oppbevaringsanstaltar å rekne – i beste fall. «Terapiane» som vart utvikla mot psykiske lidingar i dei tidlege asyla, var eksperimentelle, ofte smertefulle og iblant direkte farlege. Og slik var stoda lenge.

Det første spesialbygde statsasylet i Noreg var Gaustad, som opna i 1855. Utover på 1900-talet vart ei rekkje psykiatriske sjukehus reiste i Noreg. I 1940 hadde asyla her i landet over 6000 plassar, og behovet auka stadig. I 1950-åra byrja styresmaktene i tillegg å byggje psykiatriske sjukeheimar, som avlasta asyla og tok seg av mange av dei demente.

Talet på døgnplassar ved dei psykiatriske institusjonane i Noreg nådde toppen i 1973 – da hadde dei til saman plass til 13.763 pasientar. Så snudde pendelen, og det var det gode grunnar til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement