Kommentar
På vår vakt
Marinbiolog Alexandra Morton nekta å vere tilskodar til grov miljøkriminalitet og tok kampen mot canadiske styresmakter og norske oppdrettskonsern.
Alexandra Morton heime i Broughton-arkipelet i British Columbia. I nota fangar ho vill smolt frå dei sju lakseelvene i området og sjekkar etter lakselus og sjukdommar som har vist seg å stamme frå «norske» oppdrettsanlegg i området.
Foto: Privat
I 1984 flytta Alexandra Hubbard frå California til Broughton-øyriket i den canadiske delstaten British Columbia. Ho hadde vore i området tidlegare for å forske på spekkhoggarar. Under ein slik tur møtte ho Robin Morton, som laga naturdokumentarfilmar og var frå området. Alexandra blei dobbelt forelska: i det som skulle bli ektemannen hennar, og i det spesielle landskapet.
Kystlandskapet i British Columbia har spesielt rike økosystem. Rundt førti tusen store og små øyer ligg gjennomstrøymde av lys og vatn. Frå det opne havet ytst ute og inn smale strete mellom øyene er det eit yrande liv med mange typar kval. Kval, sjøfugl, sel, sjøløver, oter – over tretti typar havpattedyr – lever av dei rike stammane av laks, sild og annan fisk. Inn i landet skjer djupe fjordar seg langt inn, til dei treffer elver som renn ned frå villmarka av skog, fjell og sjøar.
Fleire typar stillehavslaks (mellom anna chinook, chum, sockeye og rosa) er nøkkelartar. Fleire titals andre artar er avhengige av han, frå flokkar av spekkhoggarar til grizzlybjørnar som meskar seg med laks som i millionar går opp strie elver for å gyte og deretter døy. Denne syklusen har gått føre seg i uminnelege tider og har i høg grad òg vore livsgrunnlaget til områdets mange urfolk.
Hit, til det vesle bygdesamfunnet Echo Bay på nordvestsida av Vancouver-halvøya, flytta Alexandra og Robin Morton og den tre år gamle son deira. Dei hadde funne sitt paradis på jorda.
Så melde tragiske hendingar seg. Mens han dreiv og filma kval, drukna Robin Morton under eit dykk (nitrogenforgifting). Alexandra og sonen var i gummibåten på overflata. Då ho skjønte at noko var alvorleg gale, stupte ho uti, fann mannen og fekk han opp, men det var for seint.
Alexandra og sonen blei verande i Echo Bay. Sorga var stor, men livet måtte gå vidare. Området, fullt av liv og rein natur, blei ein terapi i seg sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.