Pandemien med den lange halen
Livet går som normalt. Men covid-19 er ikkje heilt ferdig med oss enno.
Illustrasjon: Shutterstock / NTB
Desember 2022: Covid-19-pandemien er i praksis over i Noreg. Vaksinane gjer at svært få blir alvorleg sjuke. Folk reiser med fullstappa bussar, går på jobb og skule, shoppar og går på konsertar, og knapt eit munnbind er å sjå. Men så kjem malurta: Sjølv om langt færre no blir alvorleg sjuke av covid-19, får framleis ein god del menneske plager i etterkant.
Studiar frå både Noreg og andre land syner at mange opplever «hjerneskodde», utmatting eller andre symptom etter overstått covid-infeksjon. Takk vere vaksineringa og mutasjonane som har mildna viruset, er det etter alt å døme mindre langtidsplager no: Dei som har vore alvorleg sjuke av covid-19, strevar generelt meir i etterkant, og no er dei fleste covid-infeksjonar fort overstått. Likevel: verken vaksine, eit noko mildare virus eller immunitet frå tidlegare overståtte infeksjonar gjev sikkert vern mot vedvarande plager etter ein ny runde.
Når vi veit at dei fleste av oss truleg kjem til å gå gjennom ei rekkje covid-infeksjonar i åra som kjem, blir det bryet verdt å prøve å kartleggje omfanget av fenomenet. Men lett er det ikkje.
«Lang-covid»
Det er nemleg eit særs diffust problem vi har med å gjere. Fenomenet har blitt kalla lang-covid, men det offisielle norske namnet no er seinfølgjer etter covid-19. Det er mange grunnar til at omfanget er vanskeleg å vurdere. Ein er at plagene artar seg så ulikt: Ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) har kring 200 symptom blitt knytte til tidlegare covid-infeksjon. Men dei mest vanlege etterverknadene er utmatting, svekt minne, vanskar med å tenkje klart, tung pust og endra smaks- og luktesans. For dei fleste er plagene moderate og betrar seg gradvis, men somme blir verande sjukmelde over lang tid utan særleg betring. Særleg dei kognitive plagene, svekt minne og såkalla hjerneskodde, ser ut til å vere seigliva.
– For dei som slit med langtidsverknader, er ikkje pandemien over, seier Arne Søraas, forskar ved Oslo universitetssjukehus. Han leier koronastudien, som tok til våren 2020 og følgjer utviklinga til kring 200.000 nordmenn over tid med spørjeskjema. Svara tyder på at dei fleste plagene folk får etter ein covid-infeksjon, blir mindre eller borte over tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.