Gratulerer! Du har vunne!
Raude digitale bokstavar blinka mot meg der eg stod framfor panteautomaten i ein lokal daglegvarebutikk. Kva no?
Det første som slo meg, var at eg kunne ha vunne 10.000 kroner. Kva skulle eg nytte dei til? Ein brøkdel av eit sekund var tanken svimlande. Helgetur? Sykkel? Eller skulle eg berre leggje pengane inn i den daglege familiedrifta?
Eg reiv av lappen. 50 kroner! Nett den same summen eg hadde panta flasker for – ein sum eg hadde donert til Raudekrossen og arbeidet organisasjonen gjer for born i Ukraina og andre kriseramma land.
Dette vart for dumt. Ikkje om eg skulle be om å få utlevert ein femtilapp i kassa. Så småleg kunne eg ikkje tillate meg å vere. Det var jo ein grunn til at eg hadde donert pengane til lotteriet. Eller. Rett skal vere rett. Det var to grunnar. Den eine var at eg som regel gløymer å levere pantelappen i kassa og uansett ikkje får glede av pengane. Den andre var at eg då kunne velje eit betre alternativ, som ifølgje ein av verdsreligionane ville auke sjansane mine for å verte fødd att som menneske og ikkje mygg.
Gratulerer! Du har vunne! Igjen! Denne gongen hadde eg panta flasker for 26 kroner. Kva no? Der eg ein brøkdel av eit sekund såg på den paniske blinkinga på automaten, slo det meg at eg ikkje ante kva ein kunne vinne på pantelotteriet. Kunne det vere snakk om ein millionvinst?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.