Sideblikk

Partnarskap mellom toppfolka

Elitane er inga samla blokk. Ulike elitar og vanlege folk har det felles at dei er forskjellige.

Årstalen til sentralbanksjefen samlar overlappande elitar til felles måltid på Grand Hotel i Oslo.
Årstalen til sentralbanksjefen samlar overlappande elitar til felles måltid på Grand Hotel i Oslo.Årstalen til sentralbanksjefen samlar overlappande elitar til felles måltid på Grand Hotel i Oslo.
Publisert

Folket mot eliten har grobotn i norsk tankemåte og politisk tradisjon: Det er dei der oppe mot oss her nede, dei der inne mot oss her ute, sentrum mot periferi, Oslo mot røkla.

I røynda er mistrua mindre enn det høyrest ut når sjølvutnemnde representantar for den tause majoriteten ytrar seg fritt i sosiale medium, med overslag til mainstream. Folk flest er berre moderat misnøgde med elitane, og det er gjensidig: Elitane er (moderat) misnøgde med folket, og dei er også (moderat) misnøgde med folkevalde politikarar.

Dei KUNNSKAPS-produserande delane av eliten har helst studert samfunnet sett nedanfrå. Maktutgreiaren Fredrik Engelstad og kollegaer ved Institutt for samfunnsforskning (ISF) gjer ein vri med boka Eliter i endring.

Deira bodskap er at det ikkje finst ein hegemonisk elite med stor E, i bestemt form eintal. Det er ulike elitar som har politisk styringsmakt, ressursar og rikdom, spesialkunnskap og ekspertise, eller kulturell kapital og tolkingsmakt, og dei går sjeldan i takt.

DEN NORSKE ELITEN ser ikkje på seg sjølv som ein samla elite. Dei kjem ikkje frå dei same eksklusive eliteskulane, som i Frankrike og England, og dei er i moderat grad sjølvrekrutterande.

Elitane er like mangfaldige og motsetnadsfylte som folk flest. Eliten og vanlege folk har det felles at dei er forskjellige.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement