Kommentar
Pasjon for internasjonal orden
Henry Kissinger er 100 år. Han får eit tvitydig ettermæle.
Henry Kissinger kjem til eit møte med den kinesiske presidenten Xi Jinping i Beijing 8. november 2018.
Foto: Thomas Peter / AP / NTB
Henry Kissinger fylte 100 år laurdag 27. mai. Bursdagen kjem ikkje lenge etter at han har gjeve ut to store bøker om politisk leiarskap og modellar for samkvem mellom statar i verda i dag (Leadership og World Orders).
Med ein vri på eit ord frå Churchills verk om andre verdskrigen kan ein seia at her møter vi Kissingers personlege biografi forkledd som statsvitskap. Få statsvitarar har kombinert rollene som akademikar og politisk aktør som Henry Kissinger. Det er nett i skjeringspunktet mellom desse to rolleforventningane at vi finn essensen i mannen. Og kontroversane.
Pinochet
Det er lett å kasta Kissinger inn i rolla som krigsforbrytar og kynisk maktpolitikar. At han la opp til å styrta Salvador Allende i 1973, er i dag vel kjent. Kissinger var klar over at Allende hadde vunne makta i Chile på lovformeleg vis, «som den fyrste marxisten i vårt hundreår», som han sa. Og nett dette faktumet gjorde han ekstra farleg som modell for resten av Latin-Amerika, meinte Kissinger.
Etter kuppet i 1973 slo han fast at «denne regjeringa (Pinochet) er betre for oss enn den førre (Allende)». Nixon stødde politikken til Pinochet, og mange seier no at det berre var flaks at ikkje Kissinger drukna i dragsuget etter Watergate, der han indirekte var implisert.
Kynisk maktpolitikar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.