Pause frå pandemien
Trass i gjenopning er vi ikkje kvitt koronaviruset. Immunolog Anne Spurkland meiner vi veit altfor lite om følgjene av ein infeksjon.
Munnbinda er hengde på veggen – inntil vidare.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Den siste tida har koronapandemien kome heilt i skuggen av krigen i Ukraina. Kvardagen synest å ha vendt tilbake til det vanlege. Likevel kritiserte europasjefen i WHO, Hans Kluge, denne veka mellom andre Tyskland, Frankrike, Storbritannia og Hellas for å ha gått for fort fram i gjenopninga. Både Tyskland og Frankrike har hatt nye smittetoppar etter nyleg gjenopning.
Anne Spurkland er professor for molekylær immunologi ved Universitetet i Oslo.
– Media synest å ha gløymt koronaviruset den siste tida. Er vi ferdige med pandemien no?
– Det kjem heilt an på kva du meiner. Viruset kjem til å vere blant oss ei tid framover. I Noreg har vi likevel ein stor grad av immunitet, sidan så mange er vaksinerte eller har hatt viruset. Så spørst det kva utvikling vi får globalt. I Hongkong ser ein følgjene av at viruset spreier seg i eit samfunn med lite immunitet. På grunn av nulltoleransen der har få hatt sjukdommen, og i tillegg er vaksinedekninga dårleg spesielt blant eldre. Difor har dei no veldig høge dødstal. Omikronvarianten er altså ikkje i og for seg ufarleg.
– Kan vi kome i ein situasjon der vi må stengje ned igjen?
– Eg trur terskelen vil vere ganske høg, men ein kan ikkje utelukke det. Vi kan ikkje hindre kvart einaste dødsfall ved infeksjonar, livet er farleg. Likevel må helsevesenet kunne tole å stå i ein krisesituasjon i ein periode.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.