Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Sesongen for vassmelon er snart over. Sist sundag var det ingen melonar til sals på marknaden i byen Brusyliv eller i den nærmaste supermarknaden. Den siste melonen vår fekk vi som gåve av ein nabo. Det er vanleg å dyrke dei i eigen hage no. Dei er søte nok, men sjølv med den dirrande heten vi har hatt i år, blir dei ikkje større enn ei bowlingkule.
Den siste veka i august og første i september gav ukrainarane mange grunnar til pessimisme. To tragediar sjokkerte heile landet. Først vart vi lamslegne av at over 60 soldatar vart drepne på området til ein militær utdanningsinstitusjon i Poltava. Det var ballistiske missil som tok livet av dei og skadde over 300 andre soldatar.
I tillegg kom bombinga av bustadblokker i Lviv. Nesten heile familien til ein av etterkomarane etter den ukrainske forfattaren Ivan Franko, som skreiv på 1800- og 1900-talet, døydde. Berre faren overlevde.
Det verkar som desse tragediane utløyste personendringar i den ukrainske regjeringa. Slike endringar har vore lova lenge, men ikkje venta på med særleg entusiasme. Dekninga av omveltinga skygde for nyhenda frå Poltava og Lviv.
Fleire ministrar og høgare embetsfolk gjekk av, inkludert utanriksminister Dmytro Kuleba. Det var òg oppseiingar og nye utnemningar i staben til president Zelenskyj. Kort sagt stokka presidenten om på mannskapen sin, men ukrainarane var forvirra vitne til det heile. Namna til mange av dei som gjekk av, tyder lite for dei fleste, dei vekte ingen førestillingar om minneverdige politiske grep eller handlingar, ingen døme på særlege tenester, og dei nye namna tyder enda mindre for folk.
Elles er ukrainarane langt meir interesserte i nyhende frå fronten enn i nyhende frå parlamentet og regjeringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.