Pengar i knipe
– Dette er ikkje eit budsjett som markant medverkar til å endre livssituasjonen til dei som er hardast råka av dyrtida, seier samfunnsøkonom Martin Blomhoff Holm.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la fram statsbudsjettet på Stortinget fredag 6. oktober.
Foto: Hanna Johre / NTB
Fredag 6. oktober la Ap/Sp-regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett, med eit klart mål om å dempe prisveksten og hindre arbeidsløyse. Dag og Tid bed samfunnsøkonom Martin Blomhoff Holm analysere budsjettframlegget i lys av dyrtida.
– Dyrtid har i lang tid dominert samfunnsdebatten her i landet. Prisane har auka, krona er svekt og arbeidsinntektene held ikkje tritt. Kor mykje er det mogleg å påverke dyrtida via eit statsbudsjett?
– Det er mogleg via diverse overføringar og reduserte kostnader for hushalda. Trygdeoppgjeret vil ha mykje å seie, men også billegare barnehagar, som bidreg til at ei spesifikk gruppe får reduserte kostnader. Regjeringa kunne ha gjort meir, om dei verkeleg ville slå til. Men dei ønskjer nok å halde igjen litt for å unngå at Noregs Bank set opp renta meir.
– Kor mykje hjelp får dei som slit mest, i budsjettframlegget?
– Satsane i trygdeoppgjeret vert auka ganske mykje, og lågare barnehageprisar hjelper. Men dette er ikkje eit budsjett som markant medverkar til å endre livssituasjonen til dei som er hardast råka av dyrtida. No skal jo regjeringa forhandle med SV, og eg tippar at det kjem meir etter forhandlingane.
– Regjeringa vil bruke meir oljepengar neste år enn i år, totalt 410 milliardar. Det utgjer 2,7 prosent av den verdien ein trur Statens pensjonsfond utland vil ha ved årsskiftet, og ligg dermed innanfor handlingsregelen på 3 prosent. Kva meiner du om oljepengebruken?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.