Krig
Pensjonistar i luftkrig
Noreg donerer kasserte F-16-fly til Ukraina. Kva inneber det for Ukraina – og kva inneber det for Noreg?
Noreg har avtale om å selje F-16-fly til Romania og det amerikanske selskapet Draken International. Dei flya som er til overs, går til Ukraina. Biletet er teke på Rygge flystasjon i 2002.
Foto: Ida von Hanno Bast
– Førre veke vart det klart at den norske regjeringa vil donere F-16 kampfly til Ukraina, etter at Danmark og Nederland gjer det same. Konkret, korleis ser du for deg at Ukraina vil nytte dei norske F-16-flya?
– Det kjem litt an på kva for F-16-fly dei får. I første omgang vil det vere snakk om å bruke dei til opplæring og opptrening. Så vil dei kunne bruke dei til dei same oppdraga som dei i dag nyttar dei gamle sovjetiske kampflya sine til. Dei fyller gap i luftforsvaret ved til dømes å skyte ned russiske kryssarmissil, og til nålestikkåtak på bakkemål ved fronten, der dei greier å komme seg imellom russiske kampfly. Når F16-fly vert operative, vil dei kunne avskrekke russiske kampfly frå å fly innover ukrainskkontrollert territorium.
– Noreg har skrota F16-flya fordi dei er utdaterte samanlikna med kampflya F-35. Korleis kan F-16-flya vere gode nok for ukrainarane?
–?Ukraina har ikkje så mange ideelle løysingar å ta av. F-16 var tilgjengelege, det finst kompetanse til å drifte dei, og blir framleis produsert våpen til dei. Flya vil ha teknisk support i fleire tiår enno, og Ukraina vil på sikt kunne få tak i fleire. No bruker ukrainarane sovjetiske fly som er godt over 30 år gamle og tvilsamt vedlikehaldne. Dei slit på flya, og dei mistar fly, så skal dei halde fram med å ha eit luftvåpen om to–tre år, må dei over på eit nytt system. Den store fordelen med F-35 er at flyet er bygd spesielt for å overleve i miljø med dei nyaste russiske luftvernsystema, dei er lite synlege på radar og har gode informasjonsdelingssystem. Noreg brukte F-16 i 40 år, og det er ikkje utenkjeleg at vi vil nytte F-35 like lenge. Ukraina har ikkje den luksusen det er å kunne tenkje så langsiktig.
– Korleis vil ukrainarane kunne nytte kampflya offensivt?
– Dei kan nytte dei til å levere våpen nær fronten og kanskje etter kvart til å lage mellombels opningar i det russiske luftvernet ved å gå til åtak på sårbare punkt bak fronten, typisk kommandoplassar, bruer eller våpenlager, som Ukraina alt har hatt suksess med. Russland har då måtta trekkje desse punkta lenger tilbake, og på den måten legg kampflya til rette for kampane på bakken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.