Politikk

Pensjonsbølgje treffer Forsvaret

Ei pensjonsbølgje er i ferd med å treffe Forsvaret. Berre det å halde oppe storleiken på dagens offiserskorps fram mot 2040 vil krevje at talet på nyutdanna vert dobla, viser ein analyse.

Forsvaret kan dei neste åra få problem både med kompetanse og med rekruttering av offiserar. Biletet viser Forsvarets opptak og seleksjon for nokre år sidan.
Forsvaret kan dei neste åra få problem både med kompetanse og med rekruttering av offiserar. Biletet viser Forsvarets opptak og seleksjon for nokre år sidan.

Dei unge studentane som tok offisersutdanning i Forsvaret i 1980-åra, er ikkje så unge lenger. Dei store kulla som vart uteksaminerte under den kalde krigen, nærmar seg særaldersgrensa på 60 år, då militært personell pliktar å gå av.

Alderssamansetjinga i offiserskorpset vil kunne skape store utfordringar for Forsvaret i tida som kjem.

For i same periode som Forsvaret skal byggjast opp og tilførast fleire folk, vil Forsvaret miste mykje kompetanse når ein monaleg del offiserar fyller 60.

Gap

Ifølgje rapporten Forsvarsanalyse 2022, skriven av 13 forskarar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), viser analysar frå instituttet at dagens planar for å utdanne og halde på kompetanse ikkje vil dekkje den trongen Forsvaret har for personell i framtida. Ein av grunnane til dette er altså alderssamansetjinga i Forsvaret.

Tala er eigna til å vekkje oppsikt. Ifølgje analysen vert det i dag utdanna om lag 200 offiserar årleg på skulane i Forsvaret. FFI-analysar viser at berre det å halde oppe storleiken på offiserskorpset fram mot 2040, vil krevje om lag ei dobling av talet på offiserar som vert utdanna i ein periode.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement