Personopplysningar på avvegar

Teknologirådet har avslørt uansvarleg – og kanskje ulovleg – hand­tering av personopplysningar på offentlege nettstader.

SPORING: Det mest populære sporingsverktøyet i verda er Google Analytics. Det er førebels det mest populære verktøyet i norsk offentleg sektor òg.
SPORING: Det mest populære sporingsverktøyet i verda er Google Analytics. Det er førebels det mest populære verktøyet i norsk offentleg sektor òg.

Når ein går inn på ein ny nettstad, skjer det meir enn dei fleste trur. Frå du har skrive inn nettadressa, til du er i gang med å rulle nedover på sida, kan følgjande ha skjedd: 1. Informasjon om nettsida du kom frå, vert send til Google. 2. Det digitale fingeravtrykket ditt vert kopla opp mot ein profil av deg som Google eller Facebook har laga. 3. Annonsørar har på grunnlag av data om deg delteke i ein automatisert bodrunde om kven som skal få vise deg reklame. 4. Det blir gjort eit videoopptak av aktiviteten din på nettsida.

Det er desse prosessane som gjer at du får opp reklame for sydenturar på ein nettstad når du har lese om Spania på ein annan nettstad. Alt dette skjer for at me skal få dei digital tenestene me er vande med å bruke, gratis. Det er dei snurrande tannhjula, stempla som går att og fram, og røyrsystemet som oljar maskineriet i den digitale overvakingsøkonomien. Overvakingsøkonomien er eit komplekst system med hovudsakleg eitt mål: å samle inn store mengder data om brukarar for å kunne gje dei målretta reklame. For å samle dataa bruker aktørar forskjellige «sporingsverktøy», som har fått det harmlause og misvisande namnet cookies.

I mars 2021 kom det norske Teknologirådet med rapporten Kommersiell sporing i offentleg sektor. Rapporten undersøkte nettstadene til 41 offentlege institusjonar og fann at offentlege nettstader i stor grad har delteke i overvakingsøkonomien. Då Teknologirådet og Datatilsynet markerte personverndagen 31. januar i år, kom Tore Tennøe, direktør i Teknologirådet, med nye tal. No hadde Teknologirådet undersøkt 157 nettstader til sentrale offentlege verksemder, alle direktorata i Noreg, 60 kommunar og 10 fylkeskommunar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement