¿ Pest eller science-fiction
Dersom vi ikkje passar på no, kan pandemien verte eit vasskilje i historia.
Filmen «The World after Corona» kan lagast som ein moderne dystopi.
Foto: Fabian Bimmer / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Den andre koronaveka er snart til endes, og den nasjonale samkjensla kan minne om «Kvelden før kvelden». Alle er inne, på same kanal. Vi ventar på det som skal skje, men det er ikkje på julaftan denne gongen.
I ventetida på sjukehusa er det korkje karantenekos eller abstraksjonar som rår, men intensivplassar, smitteverndrakter og pasientar som kjem inn med pustevanskar. Der står dr. Rieux klar, den nøkterne lækjaren som kjempar mot pesten i romanen til Albert Camus. Han veit at konklusjonen alltid er denne: Det gjeldt å kjempe og ikkje gje seg. «Alt dreide seg om å hindre så ofte som mulig at mennesker døde og ble skilt fra sine for alltid. For å oppnå dette fantes bare et middel for Rieux, nemleg å kjempe mot pesten».
Dei av oss som ikkje kjempar i frontlina, bør – forutan å halde smitta nede – freiste å forstå kva det er som skjer. Kva stad i historia er vi på no?
Lyft blikket
Svaret er at vi ikkje veit. Men vi kan fylgje med og bør lyfte blikket utover trugsmålet om bypåske for hyttefolket og digitalt barnetog på 17. mai. Det er større vyar i horisonten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.